Andrej Belyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leon Bakst:Andrej Belyj, 1905

Andrej Belyj (russisk: Андрей Белый), (26. oktober 18808. januar 1934) psevdonym for Boris Bugajev, var ein russisk poet og romanforfattar, som vert rekna som ein av dei fremste russiske symbolistane. Belyj var son til ein matematikar og studerte sjølv matematikk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gjennom sine tekstar prøvde Belyj å fornye den russiske litteraturen. Han søkte ei tilnærming mot musikken, som for han var den fremste kunstarten. Han arbeidde til dømes med gjentakande motiv og uttrykk, og interesserte seg mykje for klangen i språklyden.

Koplinga til musikken kjem klart fram i titlane til Belyjs tidlege dikt. Han kalla dei for symfoniar: Den første symfonien (også kalla Den nordiske symfonien) (1904), Den andre symfonien (1902), Den tredje symfonien (1905) og Den fjerde symfonien (1908).

Som romanforfattar merkar Belyj seg ut med romanen Sølvdua (1909), Petersburg (skriven 1913-14, utgjeven 1916) og Kotik Letajev (1917). I romanane legg Belyj for dagen stor interesse for kristen mystisisme og antroposofi. Dei tek opp spørsmålet om Russlands identitet som kløyvd mellom aust og vest. Petersburg, som handlar om ein revolusjonær senatorson som får i oppdrag å sprenge far sin i lufta, kan sjåast som ein allegori over revolusjonshandlingane i Russland anno 1905. Stilistisk har romanen vore jamført med James Joyce sin roman Ulysses.

  • Andrej Belyj-prisen er ein litterær pris innstifta i 1978.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Petersburg. 2001
  • Sølvduen. 2008

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lillian Jorunn Helle:Andrej Belyjs roman "Peterburg": et hovedverk innenfor den russiske symbolismens prosa. 1981
  • Lillian Jorunn Helle:Estetikk og verdensanskuelse i den russiske symbolismen: en studie av Andrej Belyjs symbolistiske prosjekt. 1992