Andrej Bogoljubskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikonet av Andrej Bologjubskij

Andrej Bogolubskij (levde om lag 1111-1174) var knjaz av Vladimir-Suzdal. Han var son av Jurij Dolgorukij og gift med ei kiptjaker-kvinne som var dotter av ein kiptjakerkhan.

Frå barndommen skilde han seg ut med kjærleik til kyrkjelege tenester og gav mykje til fattige. I 1155 drog knjaz Andrej til riket Vladimir-Suzdal utan å spørre faren. Der bar han med seg Vladimirskaja-ikonet av Jomfru Maria frå Vysjgorod. Her kom Jomfru Maria til han og ba han grunnlegge eit kloster til ære til for hennar fødselsdag. Knjazen gav ordre om å male eit nytt ikon med synet Andrej fekk av Maria. Ikonet fekk namnet Bogoljubskaja, og klosteret Bogoljubskij.

Andrej vart vald til knjaz av ei samling og var den første i Rutenia som etablerte eineherredøme. Under regjeringstida hans vart Rutenia større og vart eit nytt senter i Russland, og knjaz Andrej vart den første store russiske knjazen. Han bygde mange kloster og katedralar.

Andrej vart drepen i 1174 etter eit komplott der tjue av hoffmennene hans storma inn og knivstakk han medan han sov.

[endre] Minnefestdagar for St. Andrej

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk