Andrej Rubljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrej Rubljov: Ikonet av Den heilage Treeininga

Andrej Rubljov (russisk Андрей Рублёв, fødd 1360) var ein munk og ikonmålar frå Moskva som vart ein ortodoks helgen etter sin død. Han kom frå eit velutdanna miljø og skilde seg ut med framifrå visdom. Han lærte målekunsten i Austromarriket og Ungarn.

Andrej arbeidde ei stund saman med Feofan den greske og var kanskje eleven hans. Gjennom heile livet var Andrej knytt til dei to klostera Troitse-Sergijeva Lavra og Spaso-Andronikov i Moskva. Han vart ein munk i Spaso-Andronikov. I ein andeleg og heilag atmosfære vart munken Andrej opplært til eit heilag liv av munkane rundt seg. I omkring 20 år, fram til han døydde, måla han ikonar saman med venen Daniil Tsjornyj (Daniel den svarte). Det kjende ikonet av Den heilage Treeininga er måla av Andrej Rubljov. Ikonet vert i dag rekna som eit av dei flottaste som er måla.

Andrej har dekorert veggane i Blagovesjenskij-katedralen i Kreml i Moskva, ikonostasisen i Uspenskijkatedralen i Vladimir og sjølve katedralen. I tillegg har han måla Vladimirskaja-ikonet av Jomfru Maria i Vladimir, ikonostasisen og ytterveggene til Uspenskijkatedralen i Zvenigorod (slutten 1300-talet og byrjinga av 1400-talet), deësisen til ikonostasisen av Marias fødselsdag i klosteret Mar Saba, murar og ikonostasisen i Troitskijkatedralen i Troitse-Sergijeva Lavra og i klosteret Savva-Storozjevskij.

Etter han døydde fekk Danill Tsjornyj, som hadde han i hjarta sitt, eit kall om at Andrej måtte verte kanonisert.

Minnefestdagar for St. Andrej[endre | endre wikiteksten]

  • 17. juli (4. juli i den julianske kalenderen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andrej Rublëv

Kjelde[endre | endre wikiteksten]