Andrej Sannikaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Sannikaw

Fødd8. mars 1954 (70 år)
Minsk
Statsborgar avBelarus, Sovjetunionen
Yrkediplomat, aktivist, politikar
Utdanna vedMinsk State Linguistic University
EktefelleIryna Khalip
MedlemEuropeisk Belarus

Andrej Aljehavitsj Sannikaw, belarusisk Андрэй Алегавіч Саннікаў, russisk Andrej Olegovitsj Sannikov (fødd 8. mars 1954 i Minsk) er ein belarusisk politikar og samfunnsaktivist. Han var kandidat ved presidentvalet i Belarus i 2010, og kom på 2. plass ifølgje dei offisielle resultata. Frå 2012 har han budd i eksil i London.

Sannikaw vart utdanna ved fakultetet for omsetjing ved Statsinstituttet for framandspråk i Minsk, der han var ferdig i 1977. Han jobba på V.I. Kozlov elektrotekniske fabrikk i Minsk, og deretter i Pakistan og Egypt for oljeselskap og under bygging av ein aluminiumsfabrikk. I 1980-81 jobba han for Foreininga for internasjonalt vennskap. Frå 1982 til 1987 var han i New York ved FN-hovudkvarteret, og i 1989 fullførte han ei utdanning ved diplomatakadameiet til Sovjetunionens utanriksdepartement i Moskva.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen, då Belarus vart sjølvstendig, jobba Sannikaw 1993 til 1995 i den belarusiske ambassaden i Sveits, før han vart viseutanriksminister i Belarus i 1995, tidleg i regjeringstida til den autoritære presidenten Aljaksandr Lukasjenka. Han gjekk av i 1996 i samband med ei folkerøysting som gav meir makt til presidenten. Etter dette har han vor i opposisjon til presidenten og har vore med på å organisera protestaksjonar ved fleire høve, til dømes etter dei forfalska parlaments- og presidentvala i 2001, 2004, 2006 og 2008. Frå 1998 til 2002 var han rektor for Folkeuniversitetet, eit uformelt utdannings- og folkeopplysningsprosjekt.

I 2008 var Sannikaw ein av initiativtakarane til kampanjen Europeisk Belarus, som går inn for at Belarus skal bli medlem av Den europeiske unionen.[1] 18. november 2010 registrerte han seg offisielt som presidentkandidat ved valet i Belarus 19. desember 2010.[2] Etter dei offisielle valresultata kom han på andre plass, med 2,4 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. På kvelden den 19. eller natta den 20. desember vart han arrestert saman med kona, Iryna Khalip, i samband med at opposisjonen sin demonstrasjon mot valresultatet vart slått ned av opprørspolitiet. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Amnesty International vart han alvorleg skadd under arrestasjonen.[3] 11. januar 2011 vart han adoptert som samvitsfange av Amnesty International.[3] I mai 2011 vart Sannikaw dømd til fem års fengsel for å ha "organisert masseuro". USA og Europaparlamentet fordømde denne dommen.[4]

Sannikaw vart lauslaten frå fengsel i april 2012. Seinare same året flykta han til Storbritannia og fekk politisk asyl der. I november 2012 budde han i London.[5]

Sannikaw er gift med den framståande journalisten Iryna Khalip, og har to søner. I tillegg til belarusisk snakkar han også russisk, engelsk og fransk. I 2005 vart han tildelt den austerrikske Bruno Kreisky-prisen for engasjementet sitt for menneskerettane.[6]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Пра кампанію «Еўрапейская Беларусь» // www.europeanbelarus.org, på belarusisk
  2. Андрей Санников зарегистрирован кандидатом в президенты Беларуси // www.charter97.org, 18.11.2010, på russisk
  3. 3,0 3,1 Amnesty International på engelsk.
  4. "Кандидат в президенты отсидит как президент" frå Gazeta.ru, 16. mai 2011, på russisk
  5. Andrei Sannikov: democratic world is too complacent about Belarus frå The Guardian 23 november 2012 (på engelsk)
  6. BRUNO KREISKY PRIZE
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå russisk wikipedia 11. mars 2011.