Andrej Zjdanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andrej Aleksandrovitsj Zjdanov russisk Андрей Александрович Жданов, (26. februar 189631. august 1948) var ein sovjetisk politikar. Han var frå og med 1939 medlem av politibyrå i kommunistpartiet og under den andre verdskrigen general og medlem av Leningradfrontens militærråd. Frå og med 1944 var han sekretær i sentralkommiteen med ansvar for ideologiske spørsmål, der han gjennomførte ei ekstrem antivestleg linje innanfor sovjetisk kulturliv og vitskap, kjend som zjdanovismen. I 1946 utløyste han bølgja av forfølgjingar mot fleire sovjetiske forfattarar, vitskapsmenn og komponistar. Sidan 1934 fronta han kravet om sosialistisk realisme i den sovjetiske litteraturen. Zjdanov var ein av dei mest trufaste mennene til Stalin og vart sett på som ein mogeleg «tronarving» etter sistnemnte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]