Andrew Fisher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Fisher

Fødd29. august 1862
Crosshouse
Død22. oktober 1928 (66 år)
Statsborgar avAustralia
Yrkepolitikar, diplomat, fagforeiningsleiar
MorJane Garvin
FarRobert Fisher
EktefelleMargaret Fisher
Alle verv
  • Australias statsminister (1908–1909)
  • Member of the Queensland Legislative Assembly (1899–1901)
  • medlem i det australske Representantenes hus (1901–1915)
  • Australias finansminister (1914–1915)
  • Minister for Trade (1904–1904)
  • Australian High Commissioner to the United Kingdom (1916–1921)
  • Australias statsminister (1910–1913)
  • Australias statsminister (1914–1915) Sjå dette på Wikidata

Andrew Fisher (fødd 29. august 1862 i Skottland død 22. oktober 1928 i London, daud 22. oktober 1928 i London), også kjend som Andy Fisher, var ein britisk-australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia ved tre ulike høve frå 1908 til 1915. Fisher tente òg som australsk høgkommisær i Storbritannia.

Fisher hadde sin første statsministerperiode frå 13. november 1908 til 2. juni 1909. Den andre perioden varte frå 29. april 1910 til 24. juni 1913, og var første gonge eit arbeidarparti hadde majoriteten i eit land, første gongen Australia hadde ei føderalt fleirtalsregjering og første gongen det australske senatet hadde eit majoritetsparti. Fisher sin tredje og siste statsministrperiode byrja 17. september 1914 og enda 27. oktober 1915.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Fisher var fødd i den skotske gruvelandsbyen Crosshouse nær Kilmaurs i East Ayrshire i Skottland som den andre av dei åtte barna til Robert Fisher og Jane Garvin. Som tiåring blei han kolgruvearbeidar. Etter ein arbeidsdag på 12 timar gjekk han 4 miles (ca. 6 km) for å gå på kveldsskule. Dette, bøker frå biblioteket til det lokale kooperativet som far hans hadde vore med på å skipa og eit kort grunnskuleopphald var den einaste utdanninga hans.

17 år gammal blei Fisher vald til sekretær for lokalavdelinga til fagforeininga Ayrshire Miners' Union. Etter ein streik i 1881 som ikkje førte fram mista Fisher jobben. Etter å ha fått jobb ved ei anna gruve leia han ein ny streik for høgare løningar i 1885. Etter dette blei han både sparka og svartelista, slik at han ikkje kunne få noko anna arbeid. Fisher og bror hans utvandra derfor til Queensland i Australia same året.

I Australia arbeidde Fisher i gruvene i Burrum og Gympie. Han blei gruveheisoperatør i 1891, og blei same året vald til president for fagforeininga til heisoperatørane, den til gruvearbeidarane i Gympie og til lokalavdelinga til det australske arbeidarpartiet.

I 1893 blei Fisher vald inn i Queensland-parlamentet. Han mista plassen i 1896 etter åtak frå motstandaren Jacob Stumm og avisa Gympie Times om at han var ein farleg revolusjonær og anti-katolikk. Som svar på dette var Fisher med på å grunnleggja ei arbeidarpartivennleg avis, Gympie Truth, same året.

Familien Fisher i 1910.

Andrew Fisher var ein varm tilhengjar av at dei ulike australske koloniane skulle danna eit føderalt Australia, og oppfordra folk til å stemma ja til føderasjonen i folkerøystinga i Queensland 1899. I 1901 blei han vald inn i det australske representanthuset for distriktet Wide Bay, eit sete han heldt fram til han avslutta den politiske karrieren sin. I slutten av 1901 gifta han seg med Margaret Irvine, dotter til ei kvinne han hadde losjert hos. Dei fekk etterkvart seks barn.

I 1904 fekk arbeidarpartiet regjeringsmakt. I regjeringa til Chris Watson, som varte i fire månaderl blei Fisher minister for handel og toll. Innsatsen hans gjorde at han blei utnemnd til nestleiar i patiet i 1905. Då Watson gjekk av som partileiar i 1907 blei Fisher vald til ny leiar.

Andrew Fisher og bønder i Queensland, ca. 1913.
Andrew Fisher, Lady Denberry og King O'Malley under namngjevinga av Canberra i 1913.

I 1908 gjekk regjeringa til Alfred Deakin av og Fisher blei leiar for ei minoritetsregjering. I regjeringsperioden som varte i eit halvår blei det laga lovar som slo fast at det føderale regjeringssetet skulle vera i Yass-Canberra-området, at jern- og stålprodusentar som gav rettferdige lønningar skulle få belønningar og at sjøfolk som blei skadde til sjøs skulle få kompensasjon (eller familiane deira erstatning om dei døydde).[1]

I mai 1909 danna to konservative grupper Commonwealth Liberal Party, og med Deakin som leiar danna dei ny regjering. Ved valet i 1910 vann arbeidarpartiet 42 av dei 75 setene i Representanthuset og alle dei 18 seta i senatet som det blei stemt om, slik at dei heldt 22 av 36 senatsete. Fisher kunne danna si første majoritetsregjering og verdas første majoritetregjering for eit arbeidarparti. I denne perioden stod arbeidarpartiet for ei rekkje reformer og laga 113 nye lovar. Styresmaktene innførte mellom anna alders- og uførepensjon, fødselspengar og arbeidarkompensasjon. Den australske marinen blei grunnlagd og bygginga av den transaustralske jernbanen tok til. Canberra blei grunnlagd som hovudstad og den australske høgsteretten blei utvida. Commonwealth Bank blei grunnlagd som ein statseigd banken, og Australia fekk sine første papirpengar. Det blei også innført ein jordskatt som var meint å dela opp store landeigedommar og oppmuntra til mindre bruk.

Det blei halde to folkerøystingar, i 1911 og 1913, som stilte fleire spørsmål knytt til nasjonalisering av monopol, handel og arbeidsliv. Begge blei forkasta, den første med 61 % og den andre med 51 %. Ved valet i 1913 vann Commonwealth Liberal Party under Joseph Cook fleirtalet med eitt sete. Sidan arbeidarpartiet framleis kontrollerte senatet blei det vanskeleg for Cook å styra, og i 1914 bad han general-guvernøren i Australia om å løysa opp begge kammera og erklæra nyval. I mellomtida hadde første verdskrigen brote ut. Begge partia lova å støtta Storbritannia, og Fisher bygga på arbeidarpartiet sitt arbeid med å byggja opp eit australsk forsvar. Arbeidarpartiet vann fleirtal i begge husa, og Fisher grunnla si tredje regjering som varte til 1915.

Andrew Fisher trekte seg plutseleg frå politisk liv i oktober 1915. Den politiske byrden og skrantande helsa hans skal ha vore årsaker, samstundes som Fisher var sterkt imot allmenn verneplikt i samband med verdskrigen. Frå 1. januar 1916 til 1. januar 1921 var Fisher høgkommisær for Australia i Storbritannia. I denne rolla var han mellom anna medlem av Dardanelles-kommisjonen, ei gransking den katastrofale Gallipoli-kampanjen der mellom anna fleire tusen australske soldatar omkom.

Då tida hans som høgkommisjonær enda i 1921 bad Fisher om ein ny periode, men etterfølgjaren hans Billy Hughes nekta. Fisher vende tilbake til Australia i 1921, men flytta permanent til London i 1922. Han utvikla etterkvart demens og døydde av influensa i 1928, 66 år gammal. Australiarar i Storbritannia betalte for eit minnesmerke til grava hans i Hampstead Cemetery. Dette blei avduka i 1930 av den britiske statsministeren Ramsay MacDonald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «SEAMEN'S COMPENSATION ACT.». Mercury (Hobart, Tas. : 1860 - 1954) (Hobart, Tas.): 5. 2. mars 1910. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Andrew Fisher