Andrew Giddings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andrew Giddings (fødd 10. juli 1963) er ein engelsk klaverspelar. Han var medlem av rockebandet Jethro Tull frå 1991 til 2007.

Giddings vart fødd i Pembury i Kent og vart sendt til pianotimar som ung gut. Han slutta med formelle timar då han var 13, og ønskte heller å spele popmusikk. Giddings spelte i fleire lokale band i Kent, mellom anna Profusion. Etter ein kort periode som støttemusikar for andre artistar, spelte han med Eric Burdon frå The Animal. Giddings spelte med Burdon i kring fem år, før han igjen spelte for ei rekkje andre artistar som Leo Sayer, Sniff 'n' the Tears, Vyktoria Keating, Willy Porter, The NEC Orchestra of Boston og Jon Anderson frå Yes.

Giddings vart medlem av Jethro Tull i 1991 og tok over etter Martin Allcock. Han spelte på albuma Catfish Rising, The Beacons Bottom Tapes, Roots to Branches, Jethro Tull In Concert, J-Tull Dot Com, Living with the Past, The Jethro Tull Christmas Album og Aqualung Live. Han slutta i bandet i 2007 og vart etterfølgd av John O'Hara. Giddings var den lengstvarande klaverspelaren i bandet og spelte i alt 16 år med dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]