Andrew Howe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Howe


Statsborgarskap Italia, USA
Fødd 12. mai 1985 (38 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Andrew Howe (fødd 12. mai 1985) er ein italiensk friidrettsutøvar som har tevla internasjonalt på 200 m og i lengdehopp. Han vann EM-gull i lengdehopp i 2006 og VM-sølv i same øvinga i 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Howe er fødd i Los Angeles i USA, flytta med mor si til Italia då han var fem år gammal. Han vart juniorverdsmeister i lengdehopp i Debrecen i 2001. Tre år seinare vart han i Grosseto verdsmeister for juniorar både i lengdehopp og på 200 m. I begge tevlingane stod han for framifrå prestasjonar, høvesvis 8,11 m i lengde og 20,28 sekundar på 200 m. Tida på 200 m gjer at han i 2014 framleis er på andreplass på den italienske statistikken over 200-meterløpar, etter Pietro Mennea med legendariske 19,72 sekundar.

I 2004 deltok Howe i dei olympiske leikane i Aten, der han vart slått ut i forsøksløpa på 200 meter. To år seinare vart han europameister i lengdehopp i Göteborg. I finalen hoppa han 8,20 meter, etter å ha nådd 8,33 meter i kvalifiseringa.

Ved innandørs-EM i 2007 låg Howe på fjerdeplass med 7,93 m etter fjerde omgang i finalen. I sitt femte forsøk hoppa han 8,30 meter. Dermed vann han ein suveren siger med 28 centimeters forsprang til toaren, Louis Tsatoumas frå Hellas.

Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka sette Howe i siste omgang ny italiensk rekord med 8,47 m. Hoppet såg ut til å sikre han gullmedaljen, men i det aller siste hoppet i tevlinga sikra Irving Saladino frå Panama seg sigeren med eit hopp på 8,57 m.

Etter å ha vore skadd i eit par sesongar var han tilbake på friidrettsbana i 2010. Han vart nummer fem i lengdetevlinga i EM 2010, på slutten av sesongen imponerte han då han vann 200 m på 20,30 sekundar i eit stemne i Milano.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]