André Gide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André Gide

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. november 1869
Paris
Død

19. februar 1951 (81 år)
Paris

Yrke journalist, filmprodusent, essayist, skodespelforfattar, romanforfattar, dagbokskrivar, reiseforfattar, omsetjar, sjølvbiograf, skribent, prosaforfatter, manusforfattar
Språk fransk
Sjanger roman, prosa, dramaturgi
Medlem av Décades de Pontigny, comité de lecture des éditions Gallimard
Far Paul Gide
Mor Juliette Gide
Ektefelle Madeleine Gide
Born Catherine Gide
Signatur
André Gide på Commons

André Gide (22. november 186919. februar 1951) var ein fransk forfattar og nobelprisvinnar.

Gide hadde ein streng religiøs oppvekst. Spenninga mellom asketisme og livsnyting vart eit grunndrag i André Gides produksjon. Han debuterte i 1891 med Les cahiers d'André Walter. Hans sjølvbiografi frå 1946 og hans dagbøker (utgitt i 1939, 1942 og 1950) gir innblikk i Gides kompliserte personlegdom. I 1947 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur med følgjande grunngiving: «för hans vittomfattande och konstnärligt betydelsefulla författarskap, i vilket mänsklighetens frågor och villkor ha framställts med oförskräckt sanningskärlek och psykologisk skarpsyn».

Gide var brorson til nasjonaløkonomen Charles Gide. I 1895 gifta han seg med Madeleine Rondeaux. På grunn av si homoseksuelle legning levde dei aldri i eit fullbyrda ekteskap.

Utvald bibliografi (norske titlar)[endre | endre wikiteksten]

  • L'Immoraliste (1902) (Den umoralske)
  • La Porte étroite (1909) (Den trange port)
  • Les Caves du Vatican (1914)
  • La Symphonie pastorale (1919) (Hyrden)
  • Corydon (1924, essays)
  • Si le grain ne meurt (1924, sjølvbiografi)
  • Les Faux-monnayeurs (1925) (Falskmyntnerne)
  • Voyage au Congo (1927, reiser)
  • Retour de l'U.R.S.S. (1936, reiser)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]