Andy Murray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andy Murray
Personleg informasjon
Fødd 15. mai 1987 (27 år), Flag of Scotland.svg Skottland Glasgow i Skottland

Andrew Murray (fødd 15. mai 1987) er ein britisk tennisspelar frå Glasgow i Skottland. Han var rangert som den andre beste tennisspelaren i verda i 2009, og som nummer 4 i verda i 2011.[1]

Under sommar-OL 2012 vann Andy Murray gull i tennis for menn singel og sølv i blanda par. Han har nådd finalen i fire Grand Slam-turneringar: US Open i 2008, Australian Open i 2010 og 2011 og Wimbledon-turneringa i 2012, men tapte alle fire, tre av dei for Roger Federer og ein for Novak Đoković.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andy med broren Jamie (venstre) under Japan Open i 2011.

Andy Murray er son av Will og Judy Murray. Familien var over middels interessert i idrett.[2] Morfaren hans, Roy Erskine, var profesjonell fotballspelar for Hibernian, Stirling Albion og Cowdenbeath.[3][4][5][6] Bror hans, Jamie Murray, er også profesjonell tennisspelar, mest i par-turneringar.[7] Etter at foreldra skilde lag då han var ni budde Andy og Jamie med faren.[8] Murray var elev ved Dunblane High School, og opplevde Dunblane-massakren i 1996.[9][2]

Som 15-åring blei Murray spurt om han ville trena med Rangers Football Club på deira fotballakademi, men takka nei for å kunna satsa på tenniskarriera i staden.[10]

Andy Murray vann Cincinnati Masters i 2008.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Andy Murray kom inn på topp-10-lista til Association of Tennis Professionals for første gong den 16. april 2007. Han har vore i semifinalen i fleire Grand Slam-turneringar, seinast i Australian Open 2012, der han tapte for Novak Đoković i fem sett. Murray har spelt på det britiske Davis Cup-laget i åra 2005–2007. Han har spelt totalt tolv Davis Cup-kampar, og har vunne sju.

Då Andy Murray tok OL-gull i 2012 var det første gong ein mannleg britisk tennisspelar oppnådde dette sidan 1908. Då han kom fram til finalen i Wimbedon-turneringa i 2012 var det første gong på 74 år ein britisk mann hadde oppnådd dette.[11]

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]

Singel: 1 (1–0)[endre | endre wikiteksten]

Resultat År Meisterskap Dekke Motstandar Skår
Vinnar 2012 Sommar-OL Gras Flagget til Sveits Roger Federer 6–2, 6–1, 6–4

Mixed double: 1 (0–1)[endre | endre wikiteksten]

Outcome År Meisterskap Dekke Partner Motstandarar Skår
Andreplass 2012 Sommar-OL Gras Det britiske flagget Laura Robson Flagget til Kviterussland Victoria Azarenka
Flagget til Kviterussland Max Mirnyi
6–2, 3–6, [8–10]

Grand Slam[endre | endre wikiteksten]

Singel: 4 (0 titlar, 4 gonger tapande finalist)[endre | endre wikiteksten]

Resultat År Turnering Dekke Motstandar i finalen Skår i finalen
Tapande finalist 2008 US Open Hardcourt Flagget til Sveits Roger Federer 2–6, 5–7, 2–6
Tapande finalist 2010 Australian Open Hardcourt Flagget til Sveits Roger Federer 3–6, 4–6, 6–7(11–13)
Tapande finalist 2011 Australian Open(2) Hardcourt Flagget til Serbia Novak Đoković 4–6, 2–6, 3–6
Tapande finalist 2012 Wimbledon Grass Flagget til Sveits Roger Federer 4-6, 7-5, 6-3, 6-4

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Murray er sambuar med Kim Sears, som ofte er til stades under kampane hans.

Helseproblem[endre | endre wikiteksten]

Murray har delt kneskjell («delt kneskål»), ein tilstand der kneskåla ikkje veks saman til eitt bein i tidleg barndom, men blir verande i to delar.[12] Han fekk diagnosen som 16-åring og tok då ein pause frå tennisen i eit halvår. Murray tek seg ofte til kneet under kampar og har også måtta trekka seg frå turneringar av same grunn.[13] Likevel klarer han seg rimele godt takka vere ulike behandlingar.[14]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andy Murray

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andy Murray: Player Profile, www.atpworldtour.com, http://www.atpworldtour.com/Tennis/Players/Top-Players/Andy-Murray.aspx, henta 29 August 2011 . Nummer 2 frå 17. til 31. august 2009. Jago, Richard (15 August 2009), Murray reaches world #2, London, http://www.guardian.co.uk/sport/2009/aug/15/andy-murray-montreal-masters-jo-wilfried-tsonga, henta 16 August 2010 
  2. 2,0 2,1 Simon Hattenstone (9 June 2007), Boy on the brink, UK, http://www.guardian.co.uk/sport/2007/jun/09/tennis.features, henta 17 March 2008 
  3. Dunblane tastes regret along with its new favourite son, The Guardian, 26 June 2006
  4. MURRAY, Andy (GBR), International Tennis Federation profile.
  5. STIRLING ALBION : 1947/48 – 2008/09, Post War English & Scottish Football League A – Z Player's Database.
  6. COWDENBEATH : 1946/47 – 2008/09, Post War English & Scottish Football League A – Z Player's Database.
  7. ATP Doubles Rankings, Tennis Corner, 22 June 2009, http://www.tenniscorner.net/index.php?corner=m&action=rankings&type=doubles, henta 26 June 2009 
  8. Malcolm Folley and Patricia Kane (5 July 2009), What really upset Andy? The day that Judy walked out on us, UK, http://www.dailymail.co.uk/femail/article-1197595/Tennis-stars-father-reveals-What-really-upset-Andy-The-day-Judy-walked-us.html, henta 5 July 2009 
  9. Andreas Budalen (05.08.2012), Unnslapp skolemassakre som niåring - i dag spiller han OL-finale, http://www.nrk.no/nyheter/1.8269544 
  10. McCarthy, David (19 June 2009), Andy Murray: Quitting my football dream for tennis was hard but it proved the right decision, http://www.dailyrecord.co.uk/sport/tennis-news/2009/06/19/andy-murray-quitting-my-football-dream-for-tennis-was-hard-but-it-proved-the-right-decision-86908-21453428/ 
  11. Steinar Andre Danielsen (29.07.2012), NRKs tennisekspert om Andy Murray:– Han er ekstremt uheldig, http://www.nrk.no/sport/meisterskap/london_2012/1.8261306 ; Nicolay Andre Ramm, Her blir han historisk, http://www.nrk.no/sport/meisterskap/london_2012/1.8261306 
  12. About Orthopedics – Patella disorders, Orthopedics.about.com, http://orthopedics.about.com/od/kneecappatelladisorders/g/bipartite.htm, henta 26 June 2009 
  13. Hodgkinson, Mark (31 January 2008), Daily Telegraph, 30 January 2008, Profile of Andy Murray, London, http://www.telegraph.co.uk/sport/tennis/daviscup/2290508/Andy-Murray-to-miss-Argentina-Davis-Cup-tie.html, henta 25 April 2010 
  14. Ornstein, David (26 May 2010), Insider view on Murray's knee trouble, http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/tennis/8704999.stm, henta 21 August 2010