Andy Warhol av David Bowie
| Andy Warhol av David Bowie frå albumet Hunky Dory |
||
| Utgjeve | 17. desember 1971 | |
| Innspelt | Trident Studios, London april 1971 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 3:56 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
«Andy Warhol» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Det er ein akustisk song om ein av dei største inspirasjonskjeldene til Bowie, den amerikanske popart-kunstnaren Andy Warhol. Songen starta med prating i studio der Bowie forklarer produsenten Ken Scott, som akkurat har uttalt namnet til Warhol feil, den riktige måten å seie namnet på. Scott introduserer så opptaket på ny, før Bowie starta å spele blant latter. Songen er best hugsa for det særeigne flamenco-liknande gitarriffet i opninga, som held fram gjennom songen.
|
Andy Warhol looks a scream David Bowie (1971)
|
Bowie spelte seinare songen for Andy Warhol, som visstnok mislikte songen, sidan han meinte tekste gjorde narr av kroppen hans. Då songen var ferdig skal visstnok Warhol og Bowie berre ha stirra på kvarandre ei stund før Warhol sa «eg likar skoa dine» og dei snakka om sko resten av samtalen.[1]
Songen vart opphavleg skriven for Dana Gillespie i 1971, men versjonen hennar vart ikkje gjeven ut før i 1973 på albumet Weren't Born a Man. På versjonen hennar spelar Mick Ronson gitar.
Andre utgjevingar [endre]
- Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Changes» i januar 1972.
- Han finst òg på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.
Konsertversjonar [endre]
- Ein versjon spelt inn i Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72.
- Bowie spelte songen på BBC-showet Sounds of the 70s med Bob Harris 23. mai 1972. Dette vart sendt 19. juni 1972, og i 2000 gjeven ut på Bowie at the Beeb.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Andy Warhol (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: