Ane Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ane Brun

Fødd10. mars 1976 (48 år)
FødestadMolde kommune
FødenamnAne Brunvoll
AliasAne Brun
OpphavMolde i Noreg
Aktiv1998
SjangerPop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapDetErMineRecords/Tuba
Verka sommusikar, songar, gitarist, låtskrivar, plateartist
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Prins Eugens Kulturpris, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets kvinnelige artist, Alarmprisen i pop

Ane Brun, eigentleg Ane Brunvoll (fødd 10. mars 1976) er ein norsk songar og låtskrivar, fødd og oppvaksen i Molde. Ho held til i Stockholm. Dei siste åra har ho mellom anna spela på Hultsfred-festivalen og Moldejazz 2001/2005, by:Larm 2002/2005, Mono i Oslo, Debaser i Stockholm samt ei rekkje andre festivalar og stader i Sverige, Noreg og i Europa.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ane Brun har budd i Stockholm sidan 2000. Her starta ho plateselskapet DetErMine Records saman med vokalisten i The Tiny, Ellekari Larsson. DetErMine byrja etter kvart å samarbeide med V2 Music. Debutalbumet hennar Spending Time With Morgan fekk god omtale og vart lansert over heile Europa i 2003. Ho vart nominert til den svenske musikkprisen «Manifest» i 2003. Det andre albumet hennar A Temporary dive vart lansert i Europa i 2005. Etter tre veker selde ho til gull berre i Noreg. I november 2005 vart Duets lansert. Duets inneheld ti duettar med ti ulike artistar. Songen «Lift Me» med det nordnorske bandet Madrugada vart ein populær radiolåt. Andre som er med på Duets er Teitur, Tobias Fröberg, Liv Widell, Wendy McNeill, Ron Sexsmith, Syd Matters, Tingsek, Ellekari Larsson frå The Tiny og Lars Bygden. I dei siste åra har Ane Brun turnert over heile Europa. Ho vart invitert til fleire festivalar som The Lowlands Festival (Nederland), Hultsfredsfestivalen (Sverige), Øya, Quart, Moldejazz og Norwegian Wood. I september 2005 hjelpte ho Keren Ann på turné i Storbritannia på Olympia i Paris. I desember 2005 var ho medhjelpar for a-haWembley Arena i London.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ane Brun vart kåra til beste kvinnelege artist på Spellemannprisen 2005 for albumet A Temporary Dive og dessutan vann ho klassen «Årets hit» same år for duetten «Lift Me» med Madrugada.
  • For det same albumet vann ho klassen «Pop» under Alarmprisen 2006.
  • Gammleng-prisen i klassen viser i 2009.
  • Kåra til beste kvinnelege artist på Spellemannprisen 2011 for albumet It All Starts With One.
  • Nominert som beste norske aktør på European MTV Music Awards 2005
  • Nominert som tidenes beste norske songar på NRK
  • Nominert som «Beste svenske kvinnelege popartist» for Grammy Awards.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Are They Saying Goodbye – single (2003)
  • Spending Time with Morgan – album (2003)
  • Humming One of Your Songs – single (2003)
  • I Shot My Heart – single (2004)
  • My Lover Will Go – EP (2004)
  • A Temporary Dive – album (2005)
  • Duets – album (2005)
  • Live in Scandinavia (2007)
  • Changing of the Seasons (2008)
  • Live at Stockholm Concert Hall (2009)
  • Daytrotter Session (2009)
  • It All Starts with One (2011)

Samlinger[endre | endre wikiteksten]

  • Beginner's Guide to Scandinavia - 3CD-album (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]