Ane Hansdatter Kismul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ane Hansdatter Kismul

Ane Hansdatter Kismul
Foto: Senterpartiet
Fødd8. mars 1980 (44 år)
Mosjøen
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
VervLeiar av Natur og Ungdom 2003–2005
FøregangarElin Lerum Boasson
EtterfylgjarBård Lahn
Alle verv

Ane Hansdatter Kismul (fødd 8. mars 1980) i Mosjøen) er ein norsk politikar i Senterpartiet. Ho var leiar av miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom frå 2003 til 2005. Kismul var med i NU frå ho som femtenåring då ho var med på å setja i gang eit lokallag i Mosjøen, til ho nådde den øvre aldersgrensa for medlemskap på tjuefem.

Saman med andre miljøvernarar blei Kismul arrestert i november 2004 då dei demonstrerte mot boreriggen «Eirik Raude».

Frå 28. september 2012 til regjeringsskiftet etter stortingsvalet 2013 var Kismul statssekretær i Olje- og energidepartementet i Regjeringa Stoltenberg II.[1][2] Ho kom frå ei stilling som politisk rådgjevar i Landbruksdepartementet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ane Hansdatter Kismul (Sp) ny statssekretær i OED». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. 28. september 2012. Henta 9. oktober 2017. 
  2. «Offisielt frå statsrådet 16. oktober 2013 kl. 10.00». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. 16. oktober 2013. Henta 9. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]