Aneto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aneto
Aneto - Nordsida av Aneto
Nordsida av Aneto
Høgd over havet 3404 moh[1]
Ligg i/på Flag of Spain.svg Spania
Fjellkjede Pyreneane
Primærfaktor 2821 m[1]
Koordinatar 42°37′56″N 00°39′28″EKoordinatar: 42°37′56″N 00°39′28″E
Førsteklatring 20. juli 1842
Lettaste rute klatring på snø og is

Aneto er det høgaste fjellet i Pyreneane og i Aragon og det tredje høgaste fjellet i Spania med ei høgd på 3404 meter over havet. Det ligg i den spanske provinsen Huesca, den nordlegaste av tre provinsar i Aragon. Det dannar den sørlegaste delen av Maladeta-massivet. Det er òg kjend som Pic de Néthoufransk, men dette namnet er lite nytta sidan heile fjellet ligg i Spania.[2]

Den største isbreen i Spania ligg på Aneto. I 2005 dekte han 0,79 km², men krympar raskt på grunn av aukande sommartemperaturar og mindre nedbør om vinteren. På 1800-talet var isbreen over 2 km² stor (Boletín Glaciológico Aragonés, 2004).

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste ruta til toppen av fjellet starta frå Renclusehytta (2140 moh). Frå her går ruta over den lengste delen av isbreen, som strekkjer seg nordover frå toppen. Ved toppen ligg eit kort klippeparti kalla Mohammedbrua. Det er ein smal rygg med store, stabile blokker med bratte stup på begge sider. På toppen av fjellet står ein imponerande kross og ein har utsyn mot det snødekte Maladetamassivet i nord og Alto Aragon-regionen i sør.

18. juli 1842 nådde Platon de Tchihatcheff, ein tidlegare russisk offisier som budde i Luchon, fjelltoppen frå Bagnères-de-Luchon i lag med guidane Pierre Sanio de Luz, Luchonnais Bernard Arrazau og Pierre Redonnet. Med i laget var òg Albert de Franqueville, ein normannisk botanist og guiden hans Jean Sors.

Den første vinterstiginga av fjellet vart gjort 1. mars 1878 av Roger de Monts, B. Courrèges og B. og V. Paget.

Panoramautsyn over Maladetamassivet.
Panoramautsyn over Maladetamassivet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aneto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.peakbagger.com/peak.aspx?pid=9796
  2. Spansk natur: Aneto