Anette Bøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anette Bøe (fødd 5. november 1957)) er ein tidlegare norsk langrennslaupar frå Larvik. Ho var ein av dei fyrste utøvarane som meistra skøyteteknikken.

Skikarriere[endre | endre wikiteksten]

Ho vann bronse på 4 x 5 km stafett i OL i Lake Placid i 1980, og i VM i Oslo i 1982 vann ho gull på stafett. I VM i Seefeld i 1985 vann Anette Bøe individuelt gull på 5 og 10 km, sølv på stafetten samt bronse på 20 km. Ho vann også verdenscupen i langrenn i 1985.

Prisar og utmerkinger[endre | endre wikiteksten]

Anette Bøe har fått Holmenkollmedaljen, Porsgrund Porselænsfabriks ærespris for kvinner og Egebergs ærespris.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Anette Bøe har vunne NM i både triathlon og ishockey, og har vore aktiv innan terrengsykling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]