Anette Hoff
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anette Hoff (fødd 16. mai 1961) er ein norsk skodespelar frå Drøbak, Akershus. Hoff er mest kjend for si rolle som «Juni Anker-Hansen» i såpeserien Hotel Cæsar på TV 2, ei rolle ho har hatt samanhengande sidan 1998. Ho er gift med skodespelar Nils Ole Oftebro og saman har dei sonen Jonas Hoff Oftebro.
I 2010 vann ho Gullrutens heiderspris saman med mangeårig Cæsar-kollega Sossen Krohg.
Sumaren 2012 spelte ho Kjerring Bråte i vikingmusikalen Herøyspelet.