Anette Trettebergstuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen (fødd 25. mai 1981 i Hamar i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore valt inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2009 valt inn i sentralstyret til partiet.

Trettebergstuen voks opp på Ridabu i Hamar, og har bakgrunn frå AUF i Hedmark, der ho var leiar 2002–2004. Ho sat i kommunestyret og formannskapet i Hamar frå 1999 til ho vart valt inn på Stortinget i 2005. Trettebergstuen vann 3. plassen på stortingsvalslista til Hedmark Arbeidarparti etter kampvotering mot sitjande stortingsrepresentant Eirin Faldet. Trettebergstuen, som var AUF sin kandidat, vann voteringa med 71 mot 70 stemmer. Trettebergstuen vart valt på nytt til Stortinget i 2009. Ho sat frå 2005-2009 i Utanrikskomiteen og vart etter valet i 2009 Arbeids og Sosialpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet og nestleiar i Arbeids og Sosialkomiteen. Trettebergstuen sit i gruppestyre til Arbeidarpartiet i Stortingsgruppa.

Trettebergstuen har vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og politisk nestleiar i Europeisk Ungdom, og arbeidde som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med saksfelt justis, samferdsle, energi og miljø. Ho har studert statsvitskap, psykologi og public management ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Oslo. Trettebergstuen er nestleiar i Hedmark Arbeidarparti. Frå 2004 til 2006 var ho også sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking. I perioden 2005–2006 sat ho i styret i Homofile og lesbiske sosialdemokratar. Sidan 2007 har Trettebergstuen vore sentralstyremedlem i Europarørsla. Trettebergstuen sit også som den yngste i sentralstyret til Arbeidarpartiet, der ho vart valt inn i 2009.

På fritida har Trettebergstuen jobba som disc jockey på forskjellige utestader i Oslo.

Nettstaden Gaysir kåra i 2009 og i 2010 Trettebergstuen til «Noregs mektigaste lesbiske kvinne».[1] I 2008 kom ho på andreplass i same kåring, bak sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lesbetoppen 2010. Gaysir.no (7. januar 2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anette Trettebergstuen