Anfisa Reztsova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anfisa Reztsova i 2009

Anfisa Anatoljevna Reztsova (russisk: Анфиса Анатольевна Резцова), opphavleg Anfisa Romanova, (fødd 16. desember 1964), er ein russisk tidlegare langrennsløpar og skiskyttar frå landsbyen Jakimets i Vladimir oblast. Mellom 1985 og 1999 vann ho tre VM-gull eitt OL-gull i langrenn, samt to-gull i skiskyting. Ho representerte fyrst Sovjetunionen, og frå 1992 Russland. Reztsova vann verdscupen i skiskyting to år på rad (1992 og -93).

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Romanova fekk sin internasjonale debut i ski-VM 1985 i Seefeld, der ho overraska stort med å slå den norske favoritten Berit Aunli på ankeretappen på 4x5 km og vann gull for Sovjetunionen. Ho avslutta meisterskapen med ein femteplass på 30 km.

To år seinare syrgde ho for ein ny stafettriumf for Sovjetunionen under verdsmeisterskapen på ski i Oberstdorf. Tidlegare i meisterskapen tok ho sølv på 5 km, og seinare tok ho også sølv på 20 km. Gjennom 1987-sesongen gjorde ho elles fleire gode renn og vart nummer to i verdscupen i langrenn, einast slått av finske Marjo Matikainen. Under OL i Calgary i 1988 kopierte ho gullløpet på 4x5 km stafett og sølvløpet på 20 km.

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

I 1992 kom Reztsova tilbake idretten som skiskyttar. Her presterte ho toppresultat frå fyrste stund, både i 1992- og 1993-sesongen vann ho verdscupen i skiskyting. Ho vann 7,5 km sprint under vinter-OL i Albertville, der ho også gjekk inn til bronse i 3x5 km stafett. På tampen av OL-sesongen tok ho i Novosibirsk bronsemedalje i lag for Russland.

Reztsova kom på ellevteplass i begge dei individuelle øvingane i skiskytings-VM 1993. Under vinterleikane 1994 på Lillehammer mislukkast ho individuelt, men på fekk æra av å gå Russland inn tile eit overlegent gull i 4x7,5 km stafett, nær fire minuttar før sølvlaget frå Tyskland.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Reztsova tok til att med langrenn i 1997. Straks før ski-VM 1999 vart ho nummer to på ein 5 km i Seefeld, hennar niande andreplass i eit renn i verdscupen for langrenn, ho vann aldri eit enkeltrenn. Under ski-VM i Ramsau slo ho godt frå seg med ein fjerdeplass på 15 km jakstart og tok så VM-gull i stafett, 14 år etter ho gjorde det same i ein annan landsby i Austerrike.

Ho la opp som idrettskvinne i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar