Angeltheow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Angeltheow, alternativt Angletheow, Engengit eller Angenwit, er namnet på ein mytisk konge over Angeln på 400-talet. Han er ættefar til kongane av Mercia, og nemnd i kvadet Béowulf. Etter tradisjonen er han far til Éomer, og son til Uffe av Angeln. Angeltheow høyrer til same ættled som Hengest av Kent, og er rekna som ætling av Odin på fjerde leddet. Ikkje alle kjelder er samde i dette.

Nokre hevdar at Angeltheow er den same som sviakongen Ongentheow, nemnd i Béowulf, som vart drepen i slaget ved Ravneskogen. Namnet knyter han utan tvil til Angeln (lekken Theow tyder det same som tjuv - Angeltjuven). Ei anna tolking knyter han til segna om Angantyr.