Angers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angers
by
Land  Frankrike
Region Pays-de-la-Loire
Fylke Maine-et-Loire
Del av Communauté urbaine Angers Loire Métropole
Høgd 20 m
Areal 42,70 km²
Folketal 157 175 (1. januar 2021)
Postnummer 49007/49000
Kart
Angers
47°28′22″N 0°33′20″W / 47.472777777778°N 0.55555555555556°W / 47.472777777778; -0.55555555555556
Wikimedia Commons: Angers
Nettstad: www.angers.fr

Angers er ein by i Frankrike i departementet Maine-et-Loire, 300 km sørvest for Paris. Ein person frå Angers vert kalla angevin.

Angers har om lag 150 000 innbyggjarar, og nær 270 000 i storbyområdet. Byen har røter tilbake til romersk tid. Han ligg på begge sider av elva Maine, og har seks bruer som kryssar ho. Distriktet langs elva er kjend for sine planteskular og handelsgartneri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første teikna etter menneske i Angers er ein steinreiskap som går 400 000 år tilbake i tid. Den første kjende folkegruppa var andecavi, ei gallisk stamme, og vart erobra av romarane. Under romersk styre vart byen kalla Juliomagus.

Rådet i Angers vart halde her i 453.

Byen leid kraftig under invasjonar frå normannarane i 845 og påfølgjande år.

Angers var ein gong hovudstad i den tidlegare provinsen Anjou. På byrjinga av 800-talet vart regionen styrt av ein mektig familie av godsherrar. Han er opphav til Huset Plantagenet, som styrte England frå 1100-talet, og gav namn til Angevin-kongane av England. På denne tida vart sjukehuset Saint-Jean bygd av kong Henrik II av England. Byggverket står framleis i dag, og er no eit viktig museum. I 1204 vart Angers erobra av kong Filip II.

Hugenottar tok byen i 1585, og vendeiske rojalistar leid nederlag i nærleiken i 1793. Fram til den franske revolusjonen var Angers sete for eit lovprist universitet, som vart grunnlagd på 1300-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Angers