Anglesey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anglesey
WalesAnglesey.png
Geografi
Areal
714 km²
Administrasjonsstad
Llangefni
Største by
Holyhead
Demografi
Folketal
- Totalt (2007)
- Folketettleik

69 000
96,6 /km²

Anglesey (òg skrive Anglesea, walisisk Ynys Môn, frå norrønt Ǫngulsey[1]) er ei øy og eit grevskap utanfor nordvestkysten av Wales. Ho er skilt frå frå fastlandet av eit smalt sund, Menaisundet. To bruer knyt Anglesey til resten av Wales: Menai Suspension Bridge bygt av Thomas Telford i 1826 og ei nyare Britannia Bridge.

Øya vart eit eget grevskap 1. april 1996, då det vart utskilt frå Gwynedd. Anglesey høyrer framleis til det bevarte grevskapet Gwynedd. Grevskapet dekker òg andre øyar enn sjølve Anglesey.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Angelsey har lenge vore assosiert med druidar. Omkring år 60 gjekk Gaius Suetonius Paulinus til åtak på øya, som romarane kalla Mona, for å fjerne druidane som maktfaktor. Han øydela ein heilagdom og dei heilage lundane. Vikingar, angelsaksarar og normannarar invaderte òg øya og på 1200-talet vart ho erobra av Edvard I av England.

Øya er fruktbar og nokså flat. Det er nokre høgdedrag, som Cadair Mynachdy og Holyhead Mountain. I mellomalderen var ho kjent som brødkorga til Wales, fordi ho forsynte andre område med korn. Ho vart òg kalla «Môn Mam Cymru» («Wales' mor»). Dette gav ho stor strategisk verdi i maktkampen mellom engelskmenn og walisarar.

Anglesey var vertskap for den nasjonale Eisteddfod i 1999.

Staden Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch er kjent for å ha det lengste stadnamnet i verda.

Stader i Anglesey[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anglesey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]