Den anglikanske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anglikansk)

Den anglikanske kyrkja eller Den anglikanske kommunionen er ei fellesnemning på ei rekke kyrkjer som har utspringa sine frå Den engelske kyrkja (Church of England).

Kyrkjene er reformerte men er samstundes prega av katolisismen av di den engelske reformasjonen fekk ei anna form enn den som gjekk føre seg i til dømes Tyskland og Skandinavia. Medan reformasjonen i desse landa var eit fullstendig brot med Den katolske kyrkja og førte til oppretting av ei heilt ny kyrkje, vart reformasjonen i England ei endring av kyrkja si lære. Den engelske kyrkja ser på seg sjølv som den same kyrkja som før reformasjonen og held difor mellom anna fast på apostolisk suksesjon, i motsetnad til dei fleste andre protestantiske kyrkjesamfunna.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Justin Welby, erkebiskop av Canterbury.

Den anglikanske kyrkja er organisert i nasjonalkyrkjer og finst særleg i tidlegare britiske koloniar.

Øvst i Den anglikanske kyrkja står erkebiskopen av Canterbury. Han har inga direkte makt i dei enkelte kyrkjene, men leier samarbeidet mellom dei og er andeleg overhovud.

Kvar nasjonalkyrkje («provins») er leidd av ein primas, som har ulik tittel i dei ulike landa. Som regel er tittelen erkebiskop. Provinsane er delte inn i bispedømme.

Kleresiet har tre nivå: Biskop, prest og diakon. Det er ikkje krav om presteleg sølibat. Kvinner kan ordinerast til diakon i dei fleste provinsane, til prest i mange og til biskop i nokre få.

Nokre av medlemskyrkjene nemner seg som episkopale, det vil seie «biskoplege».

I tillegg til dei regulære medlemskyrkjene, er nokre ikkje-anglikanske kyrkjer i såkalla «full kommunion» (nattverdsfellesskap) med Den anglikanske kyrkja. Gjennom Porvoo-avtala finst òg nattverdsfellesskap med andre kyrkjesamfunn. Mellom dei som signerte avtala finn ein Den norske kyrkja, men statusen er noko uklar av di Den norske kyrkja lèt ikkje-ordinerte teologistudentar feire nattverdsgudstenester, noko som er i strid med avtala.

Kyrkjene[endre | endre wikiteksten]

Medlemskyrkjer[endre | endre wikiteksten]

  • Den anglikanske kyrkja i Aotearoa, New Zealand og Polynesia
  • Den anglikanske kyrkja i Australia
  • Den anglikanske kyrkja i Canada
  • Den anglikanske kyrkja i den sørlege delen av Amerika
  • Den anglikanske kyrkja i Kenya
  • Den anglikanske kyrkja i Korea
  • Den anglikanske kyrkja i Mexico
  • Den anglikanske kyrkja i Papua Ny Guinea
  • Den anglikanske kyrkja i regionen Sentral-Amerika
  • Den engelske kyrkja
  • Den episkopale kyrkja i USA
  • Den episkopale kyrkja i Brasil
  • Den episkopale kyrkja i Jerusalem og Midt-Austen
  • Den episkopale kyrkja i Sudan
  • Den episkopale kyrkja på Cuba
  • Den filippinske episkopale kyrkja
  • Den irske kyrkja
  • Den lusitanske kyrkja i Portugal
  • Den nigerianske kyrkja
  • Den skotske episkopale kyrkja
  • Den spanske reformerte episkopale kyrkja
  • Den ugandiske kyrkja
  • Hong Kong Sheng Kung Hui
  • Kyrkja i provinsen Burundi
  • Kyrkja i provinsen Indiahavet
  • Kyrkja i provinsen det sørlege Afrika
  • Kyrkja i provinsen Melanesia
  • Kyrkja i provinsen Myanmar
  • Kyrkja i provinsen Rwanda
  • Kyrkja i provinsen Sentral-Afrika
  • Kyrkja i provinsen Søraust-Afrika
  • Kyrkja i provinsen Tanzania
  • Kyrkja i provinsen Vest-Afrika
  • Kyrkja i provinsen Vest-India
  • Kyrkja i Wales
  • Nippon Dei Ko Kai (Japan)

Kyrkjer i full kommunion[endre | endre wikiteksten]

  • Den bangladeshiske kyrkja
  • Den gammelkatolske kyrkja
  • Den nordindiske kyrkja
  • Den pakistanske kyrkja
  • Den sørindiske kyrkja
  • Mar Toma syriske kyrkje i India

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den anglikanske kyrkja
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.