Anguo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


安国 (Ānguó)
Kallenamn
«Medisinhovudstaden»
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hebei
Bystatus 1991
Geografi
Innbyggjarar
 - By

380.000
Koordinatar 38°25′″N 115°19′″EKoordinatar: 38°25′″N 115°19′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)

Anguo, med tilnamnet «Medisinhovudstaden» (藥都), er ein kinesisk by som høyrer inn under Baodingprefekturet i Hebeiprovinsen. Han ligg 190 km sør for Beijing, under 100 km sør for Shijiazhuang, og 200 km aust for Tianjin. Offisielt innbyggjartal er 380.000.

Byen har lenge vore eit senter for kinesisk medisin. Han har eit verna tempel til den kinesiske medisinguden (藥王廟) som blei til rundt år 100. Han er òg eit viktig produksjons- og handelssenter for urter, og eksporter om lag 25 million kg av slike urter årleg.

I førmoderne tid hadde byen namnet Qizhou (祁州: Qízhōu). I 1991 fekk Anguo bystatus. Han styrer 20 småbyar i eit område på 486 km², med sentrale Yaocheng (药城: Yàochéng) som den viktigaste.

Den kinesiske skodespelforfattaren Guan Hanqing kom frå Anguo.