Animal Crossing
| Animal Crossing | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Designar(ar) | Takashi Tezuka (produsent) Katsuya Eguchi, Hisashi Nogami (direktørar) Shinobu Tanaka, Tōru Minegishi, Kazumi Totaka, Kenta Nagata (komponistar) |
| Sjanger | Livssimulering |
| Spelmodi | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | JP 14. april 2001 (N64) JP 14. desember 2001 NA 15. september 2002 AUS 17. oktober 2003 EU 24. september 2004 |
| Medium | 1 Optisk GameCube-plate |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ ESRB: E USK: 0 |
Animal Crossing (どうぶつの森 Dōbutsu no Mori) er eit livssimuleringsspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var først gjeve ut i Japan april 2001 på Nintendo 64. Spelet vart seinare flytta over til Nintendo GameCube og gjeve ut i Japan desember 2001, i Nord-Amerika september 2002 og i Europa september 2004. Animal Crossing er det første i rekkja av Animal Crossing-spel, der ein speler eit menneske som bur i ei bygd der det bur dyr med menneskelege eigenskapar.
Animal Crossing er òg namnet på ein spelserie som til no har tre spel; Animal Crossing, Animal Crossing: Wild World og Animal Crossing: Let's Go to the City.
Innhaldsliste |
[endre] Oppsett
Animal Crossing er ein livssimulator der spelaren styrer eit menneske som bur i ei grend der det bur fleire typar dyr som ter seg som menneske. Spelet har ikkje nokon konkret slutt og det er ikkje mogleg å tapa i spelet. Spelaren startar spelet som ein ny innbyggjar i grenda, der utsjånaden og namnet på figuren ein styrer avhenger av korleis ein svarer på nokre spørsmål under introsekvensen i spelet. Når figuren har flytta inn i grenda kan ho eller han utføre ymse oppgåver der, som å fanga innsekt og fisk til samlinga si eller prøva å tene inn pengar på ulike vis. Tida i spelet avhenger av den interne klokka i spelekonsollen. Dette gjer at spelet kan feira visse hendingar på same tid som i røynda, til dømes nyttårsaftan. For å lagra spelet må spelaren snakka med ein statue utanfor huset sitt. I dei to oppfølgjarane, Wild World og Let's Go to the City, kan spelaren lagra framgangen ved å leggje seg i ei seng inni heimen sin. Dersom spelaren slår av spelet utan å lagra først vil ein moldvarp-figur (en: Mr. Resetti) dukka opp framfor huset til spelaren og kjefta på ho eller han for å ikkje ha lagra.
Hovudmålet i spelet er å byggja på huset sitt. Det er inni heimen at spelaren kan lagra saker som blir funne, og ved å få seg større hus vil det vera plass til fleire slike ting. Ein kan tilpassa huset etter smak, som å endra møbel, musikk, tapet, golvunderlag og farga på taket
[endre] Nintendo Entertainment System-spel
I det første Animal Crossing-spelet kan spelaren finna opp til nitten ulike NES-spel som kan bli spelte. Spela ein kan hitta er lista opp under.
[endre] Andre spel i serien
| Animal Crossing: Wild World | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Sjanger | Livssimulering |
| Spelmodi | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | JP 23. november 2005 NA 5. desember 2005 EU 31. mars 2006 |
| Medium | Nintendo DS-spelkort |
| Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E |
[endre] Animal Crossing: Wild World
Animal Crossing: Wild World (おいでよ どうぶつの Oideyo Dōbutsu no Mori) er utvikla og utgjeve av Nintendo for Nintendo DS. Spelet er oppfølgjaren til Animal Crossing og er det andre spelet i serien. Det vart gjeve ut i Japan november 2005, i Nord-Amerika desember 2005, og i Europa mars 2006. Oppfølgjaren til Wild World er Animal Crossing: Let's Go to the City.
Wild World har same oppsett som føregangaren Animal Crossing på Nintendo GameCube, men legg til nokre nyheiter. Spelaren kan no styra figuren sin ved å bruka peikeskjermen eller knappane. Ved å trykkje ein stad på bakken i spelet vil figuren snu seg og gå i den retninga, og om ein trykkjer på sjølve figuren vil ho eller han utføre ei handling; som å grava i jorda dersom ein spade er i handa til figuren. I bygda er museet blitt større ved at eit observatorium og ein kafé er blitt lagde til. Ein frisørsalong er tilgjengeleg å låsa opp om ein klarer å få den siste utvidinga av butikken til Nook. Blomar kan no tørka ut, og spelaren må då vatna dei for at dei ikkje skal visna bort.
For første gong i Animal Crossing-serien kan ein spela over Nintendo Wi-Fi Connection, som inneber at ein kan la andre spelarar vitja byen sin ved å senda kvarandre venekodar (en: Friend Codes).
| Animal Crossing: Let's Go to the City | |
| Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Sjanger | Livssimulering |
| Spelmodi | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | NA 16. november 2008 JP 20. november 2008 EU 5. desember 2008 |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
| Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E |
[endre] Animal Crossing: Let's Go to the City
Animal Crossing: Let's Go to the City (街へ行こうよ どうぶつの森 Machi e ikō yo: Dōbutsu no mori), kjent i Nord-Amerika som Animal Crossing: City Folk, er utvikla og utgjeve av Nintendo for Wii, og er det tredje spelet i Animal Crossing-serien.
Let's Go to the City bygger på det same oppsettet i dei to føregangarane med nokre få nyheiter. Figuren i spelet kan no bli kontrollert gjennom Wii-fjernkontrollen, og ein kan kasta fiskestong elle hogge med øks ved å veive fjernkontrollen. Ein by er eit nytt område som er lagt til spelet, og spelaren kan fara dit ved å ta ein buss.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Animal Crossing hjå Nintendo.co.uk
- Animal Crossing: Wild World hjå Nintendo.no
- Animal Crossing: Let's Go to the City hjå Nintendo.no