Animal Crossing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Animal Crossing: Wild World)
Animal Crossing
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Design(ar)Takashi Tezuka (produsent)
Katsuya Eguchi,
Hisashi Nogami (direktørar)
Shinobu Tanaka,
Tōru Minegishi,
Kazumi Totaka,
Kenta Nagata (komponistar)
Plattform(er)Nintendo 64, Nintendo GameCube, Wii, Wii U, Nintendo DS, Nintendo 3DS, iOS, Android, Nintendo Switch
UtgjevingJP: 14. april 2001 (N64)
JP: 14. desember 2001
NA: 15. september 2002
AUS: 17. oktober 2003
EU: 24. september 2004
SjangerLivssimulering
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3+
ESRB: E
USK: 0
Medium1 Optisk GameCube-plate
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/character/mori/, https://animalcrossing.nintendo.com

Animal Crossing (どうぶつの森 Dōbutsu no Mori) er eit livssimuleringsspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var først gjeve ut i Japan april 2001 på Nintendo 64. Spelet vart seinare flytta over til Nintendo GameCube og gjeve ut i Japan desember 2001, i Nord-Amerika september 2002 og i Europa september 2004. Animal Crossing er det første i rekkja av Animal Crossing-spel, der ein speler eit menneske som bur i ei bygd der det bur dyr med menneskelege eigenskapar.

Animal Crossing er òg namnet på ein spelserie som til no har fire spel; Animal Crossing på Nintendo GameCube, Animal Crossing: Wild WorldNintendo DS, Animal Crossing: Let's Go to the CityWii og Animal Crossing: New LeafNintendo 3DS.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Animal Crossing er ein livssimulator der spelaren styrer eit menneske som bur i ei grend der det bur fleire typar dyr som ter seg som menneske. Spelet har ikkje nokon konkret slutt og det er ikkje mogleg å tapa i spelet. Spelaren startar spelet som ein ny innbyggjar i grenda, der utsjånaden og namnet på figuren ein styrer avhenger av korleis ein svarer på nokre spørsmål under introsekvensen i spelet. Når figuren har flytta inn i grenda kan ho eller han utføre ymse oppgåver der, som å fanga innsekt og fisk til samlinga si eller prøva å tene inn pengar på ulike vis. Tida i spelet avhenger av den interne klokka i spelkonsollen. Dette gjer at spelet kan feira visse hendingar på same tid som i røynda, til dømes nyttårsaftan. For å lagra spelet må spelaren snakka med ein statue utanfor huset sitt. I dei to oppfølgjarane, Wild World og Let's Go to the City, kan spelaren lagra framgangen ved å leggje seg i ei seng inni heimen sin. Dersom spelaren slår av spelet utan å lagra først vil ein moldvarp-figur (en: Mr. Resetti) dukka opp framfor huset til spelaren og kjefta på ho eller han for å ikkje ha lagra.

Hovudmålet i spelet er å byggja på huset sitt. Det er inni heimen at spelaren kan lagra saker som blir funne, og ved å få seg større hus vil det vera plass til fleire slike ting. Ein kan tilpassa huset etter smak, som å endra møbel, musikk, tapet, golvunderlag og farga på taket

Nintendo Entertainment System-spel[endre | endre wikiteksten]

I det første Animal Crossing-spelet kan spelaren finna opp til nitten ulike NES-spel som kan bli spelte. Spela ein kan hitta er lista opp under.

Andre spel i serien[endre | endre wikiteksten]

Animal Crossing: Wild World[endre | endre wikiteksten]

Animal Crossing: Wild World (おいでよ どうぶつの Oideyo Dōbutsu no Mori) er utvikla og utgjeve av Nintendo for Nintendo DS. Spelet er oppfølgjaren til Animal Crossing og er det andre spelet i serien. Det vart gjeve ut i Japan november 2005, i Nord-Amerika desember 2005, og i Europa mars 2006. Oppfølgjaren til Wild World er Animal Crossing: Let's Go to the City.

Wild World har same oppsett som føregangaren Animal Crossing på Nintendo GameCube, men legg til nokre nyheiter. Spelaren kan no styra figuren sin ved å bruka peikeskjermen eller knappane. Ved å trykkje ein stad på bakken i spelet vil figuren snu seg og gå i den retninga, og om ein trykkjer på sjølve figuren vil ho eller han utføre ei handling; som å grava i jorda dersom ein spade er i handa til figuren. I bygda er museet blitt større ved at eit observatorium og ein kafé er blitt lagde til. Ein frisørsalong er tilgjengeleg å låsa opp om ein klarer å få den siste utvidinga av butikken til Nook. Blomar kan no tørka ut, og spelaren må då vatna dei for at dei ikkje skal visna bort.

For første gong i Animal Crossing-serien kan ein spela over Nintendo Wi-Fi Connection, som inneber at ein kan la andre spelarar vitja byen sin ved å senda kvarandre venekodar (en: Friend Codes).

Animal Crossing: Let's Go to the City[endre | endre wikiteksten]

Animal Crossing: Let's Go to the City (街へ行こうよ どうぶつの森 Machi e ikō yo: Dōbutsu no mori), kjent i Nord-Amerika som Animal Crossing: City Folk, er utvikla og utgjeve av Nintendo for Wii, og er det tredje spelet i Animal Crossing-serien.

Let's Go to the City bygger på det same oppsettet i dei to føregangarane med nokre få nyheiter. Figuren i spelet kan no bli kontrollert gjennom Wii-fjernkontrollen, og ein kan kasta fiskestong elle hogge med øks ved å veive fjernkontrollen. Ein by er eit nytt område som er lagt til spelet, og spelaren kan fara dit ved å ta ein buss.

Animal Crossing: New Leaf[endre | endre wikiteksten]

Animal Crossing: New Leaf (とびだせ どうぶつの森 Tobidase Dōbutsu no Mori) er det fjerde spelet i Animal Crossing-serien, og vart gjeve ut i november 2012 i Japan og i juni 2013 i Europa for Nintendo 3DS. Nytt i spelet er at spelaren sjølv får vera ordførar i bygda i staden for ein vanleg innbyggjar. I tillegg er proporsjonane på figurane utvida slik at ein no kan endra både trøye og bukse. Det er også mogleg å symja i sjøen rundt bydga dersom ein har våtdrakt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]