Anime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Wikipe-tan», Wikipedia-maskot teikna i typisk animestil.

Anime (アニメ) er eit japansk lånord og er eigentleg ei forkorting for det engelske ordet animation. I Japan blir ordet nytta om all slags animasjon, men ofte med heilaftans filmar som eit unnatak. I blant anna Noreg og USA har ordet vorte eit omgrep på animasjonsseriar frå Japan, særleg om teiknestilen som har vorte knytt til japansk animasjon frå og med etterkrigstida. Typiske kjenneteikn på dette er kvinnelege figurar (og nokre gonger mannlege) med store auge, lange bein som ofte er lengre enn resten av kroppen og grimasar og uttrykk som viser kva slags sinnsstemning personane er i. Animasjon produsert utanfor Japan vert ofte kalla anime-påvirka animasjon.

Ein av dei mest kjende føregangsmennene innan animé var teikneserieteiknaren Tezuka Osamu, som var forfattaren bak serien Astro Boy. Japanske teikneseriar (som blir kalla manga) og japansk animasjon ligg særs nær kvarandre, og eldre personar nyttar gjerne ordet manga for båe medium.

Anime-industrien består av over 430 produksjonsbedrifter, inkludert store studio som Studio Ghibli, Sunrise og Toei Animation. Sidan 1980-talet har anime òg sett internasjonal suksess med framveksten av utanlandsk dubba og teksta programmering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{{manglar kjelder]}