Anita Andreassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anita Andreassen (fødd 9. oktober 1960), mest kjend under fødenamnet Anita Andreassen, er ein norsk hundekøyrar, syklist og langrennsløpar frå Tromsø.

Andreassen har 7 kongepokalar i hundekøyring, frå 1982–1987 og i 1989. Ho vart tre gonger verdsmeister frå 1992 til 1994, og europameister i 1993 og 1994. I tillegg har ho vunne 4 nordiske meisterskap.

Ho har også merittar frå andre idrettsgreiner. Ho var på sykkellandslaget frå 1977 til 1980, og har òg ein kongepokal frå sykkelsport. Som syklist har ho også delteke i VM. Andreassen har også drive med langrenn og fått fleire gode plasseringar.

  • 1982: Troms idrettskrets sitt heidersteikn
  • 1996: Egebergs Ærespris for allsidige idrettsprestasjonar.
  • 2004: Utmerking med stjerne frå Troms idrettskrets, for prestasjonane som kom etter 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]