Anita Thallaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anita Thallaug

Fødd14. februar 1938
FødestadBærum kommune
Død20. mars 2023 (85 år)
OpphavNoreg
Sjangerslager
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar

Anita Thallaug (14. februar 193820. mars 2023)[1] var ein norsk songar, skodespelar og Eurovision-deltakar frå Bærum.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Anita Thallaug kom frå ein musikalsk familie. Storesystera, Edith Thallaug utdanna seg til operasongarinne. Far deira hadde ei flott songstemme, men var innmeldt i Nasjonal Samling der han fekk mange songoppdrag. Ifylgje Thallaug sjølv, kunne faren ha blitt ein vidgjeten songar dersom det ikkje hadde vore for andre verdskrigen.[2]

Anita Thallaug sin karriere starta som svært liten, då ho etter mora sin idé begynte å opptre under namnet Vesla Rolfsen. Vesla var namnet på ei syster av Anita som hadde drukna, og Rolfsen var etter faren, Rolf. Allereie tre år gamal song ho på offentlege tilstellingar, og det finst eit filmklipp av henne som blir ført fram på fanget til Vidkun Quisling etter eit songoppdrag.[2] Gjennom heile barndommen tok ho ballett-, song- og pianotimar, og i 1945 opptrådte ho på sin fyrste barnerevy på Edderkoppen teater. Her song ho Ave Maria medan Ørnulf Boye Hansen spelte fiolin. I 1949 spelte ho inn platene «Det gjør Vesla så gjerne» og «Gid, så stor du har blitt». Ho vart også brukt i barneprogramma i NRK. I 1951 debuterte ho som stemmeskodespelar då ho spelte inn den norske stemma til tittelfiguren i Alice i Eventyrland.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar debuterte Thallaug under eige namn i I moralens navn frå 1954. Ho starta også som revyartist på Chat Noir same året, samt at ho gav ut si fyrste musikkplate for vaksne. I 1957, då ho spela i Blondine i fare, vart ho den fyrste skodespelaren som vart filma naken i ein norsk film, men på avstand. På Chat Noir spelte ho i revyar heilt fram til 1965. Ofte song ho her norske omsetjingar av engelskspråklege musikalnummer. Den største suksessen hennar på teater fekk ho i rolla som Eliza i musikalen My Fair LadyTrøndelag Teater i 1963. På sekstitalet deltok ho også i NRK-program og ho spela i filmane Operasjon Løvsprett (1962) og Klokker i måneskinn (1964).

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

I 1962 song Anita Thallaug to av songane som deltok i Melodi Grand Prix; «Mormors spilledåse» og «Våre skal dagene være». Songane vann ikkje, men ho forsøkte igjen i 1963. Dette året song ho to songar som heller ikkje vann; «Drømmekjolen» og «Adjø». Vinnarbidraget, den rolege og jazzprega «Solhverv», vart framført av Jan Høiland og Nora Brockstedt. Likevel vart det Anita Thallaug som fekk framføra «Solhverv» i Eurovision Song Contest 1963 i London.[3] Songen enda på delt sisteplass med null poeng. Songen vart berre spelt inn av Jan Høiland, og er i dag eit nokså ukjent Eurovision-bidrag i Noreg. Under Melodi Grand Prix 1966 framførte Anita Thallaug songane «Vims» og «Ung og forelsket», men heller ikkje desse songane vann finalen. Dette vart siste gongen Anita Thallaug deltok i Melodi Grand Prix.

Tida etterpå[endre | endre wikiteksten]

Om lag midt på sekstitalet trekte Anita Thallaug seg tilbake frå rampeljoset på grunn av personlege problem. Ho busette seg i Lakselv i Finnmark ein lang periode,[4] der ho stundom gjorde lokale opptredenar. Ho dukka også opp no og då i NRK, t.d. i Gjensyn med Anita frå 1977 med Egil Teige. I 1978 gav ho ut sjølvbiografien «Veien mot nord», der ho skildra problema i livet sitt.

I 1988 flytte ho attende til Austlandet, og har vore oftare å sjå i opptredenar m.a. i NRK-programmet Da Capo, og i ulike revyar og musikalar, som Kjære Sol frå Hålogaland Teater i 1992. I høve sekstiårsdagen hennar i 1998, gav ho ut jazzplata Me, And My Friends! der ho opptrer saman med fleire artistar. Ho er også svært kjend i dag i rolla som Fru Meisel i ABC-teateret sitt stykke; Den spanske flue som vart filmatisert i 1990 og ofte sendt på NRK.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Den spanske flueFru Meisel
  • 1964: Klokker i måneskinnMannekeng
  • 1962: Operasjon LøvsprettSøster Bitten
  • 1957: Blondine i fareMona Mace
  • 1954: I moralens navn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anita Thallaug