Aniva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aniva
Анива
Plassering
Aniva is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sakhalin oblast
Grunnlagd
Bystatus
1886
1946
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

8 248
Koordinatar 46°43′″N 142°31′″EKoordinatar: 46°43′″N 142°31′″E
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 694030
Retningsnummer (tlf) 424 41

Aniva (russisk Ани́ва) er ein by i Sakhalin oblast i Russland med om lag 8000 innbyggjarar. Han ligg ved kysten av Anivabukta sør på øya Sakhalin, rundt 30 km sørvest for Juzjno-Sakhalinsk.

Han vart grunnlagd i 1886 som landsbyen Ljutoga (russisk: Лютога). I 1905 vart han ved Portsmouth-traktaten avstått til Japan, saman med resten av Sør-Sakhalin. Japanarane gav han namnet Rutaka. Landsbyen vart tilbakeført til Sovjetunionen i 1945. Han fekk i 1946 bystatus og nytt namn, Aniva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.