Anja Breien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anja Breien

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1940 (83 år)
Oslo
Yrke filmregissør, manusforfattar, sceneinstruktør, filmmanuskriptforfatter
Språk norsk
Partnar Thorvald Stoltenberg
Anja Breien på Commons

Anja Breien (fødd 12. juli 1940) er ein norsk prisløna filmregissør frå Oslo. Ho har lengre fartstid enn nokon andre norske filmregissørar.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anja Breien, dotter til forfattaren Hans Breien, vart tidleg interessert i kunst og litteratur. Allereie i 1960 tok ho til å jobba med film, då ho jobba med skript i Det store varpet av Nils R. Müller. Etter nokre år med fransk-studie kom ho inn på den franske filmskulen Institut des Hautes Études Cinématographiques i Paris i 1962. Ho studerte ved instituttet i to år.

Frå 1966 fekk ho jobb i nokre filmar av Henning Carlsen, før ho laga sitt fyrste sjølvproduserte verk, kortfilmen Vokse opp i 1967. Denne var basert på segnet om Jostedalsrypa. Deretter produserte ho den meir kontroversielle kortfilmen 17. mai – en film om ritualer i 1969. Ho var også medregissør i langfilmen Dager fra 1000 år frå 1970. Kortfilmen Ansikter kom ut i 1971, og tok for seg andleta i Edvard Munch sine måleri, med utgangspunkt i eit dikt av Poul Borum. Her var filmmusikken laga av Jan Garbarek, og dei to har også samarbeidd mykje i seinare tid.

Anja Breien sin fyrste eigne langfilm vart Voldtekt, frå 1971. Filmen skildra valdtekt som lovbrot, og om korleis hovudpersonen vart til kasteball i rettssystemet. Svein Sturla Hungnes debuterte her som skodespelar, og filmen vann filmprisen Sølvklumpen i 1972. Breien vann også filmkritikarprisen for same filmen. Hennar neste langfilm fekk tittelen Hustruer, og kom i 1975. Filmen, som stod i dialog til filmen Husbands (1970) av John Cassavetes, handla om tre hustruer som slår seg laus, og var meint både humoristisk og feministisk. Hovudrollene hadde Frøydis Armand, Katja Medbøe og Anne Marie Ottersen. Med denne filmen var Anja Breien verkeleg i ferd med å skapa seg eit namn i Film-Noreg. Breien har laga to oppfylgjarar til Hustruer; respektive i 1986 og 1996.

Utover sytti-, åtti- og nittitalet produserte Anja Breien fleire vellukka spelefilmar. Breien verka også som teaterregissør ved Den Nationale Scene i 1982. Ho er framleis aktiv som filmregissør i dag. I 1997 gav ho ut kortfilmen Solvorn, som handlar om hennar eiga farmor sine uvanleg talentfulle fotografi frå Luster i Sogn. Etter år 2000 har ho produsert fleire kortfilmar. Hennar så langt siste verk, Riss vart synt under kortfilmfestivalen i Grimstad og handlar om riving av gamle drivhus.[2]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Vokse opp, kortfilm, 1967
  • 17. mai – en film om ritualer, kortfilm, 1969
  • Dager fra 1000 år, 1970
  • Ansikter, kortfilm, 1971
  • Voldtekt, 1971
  • Hustruer, 1975
  • Den alvarsamme leken, 1977
  • Arven, 1979
  • Forfølgelsen, 1981
  • Papirfuglen, 1984
  • Hustruer – 10 år etter, 1985.
  • Smykketyven, 1990
  • Hustruer III, 1996
  • Solvorn, kortfilm, 1997
  • Å se en båt med seil, kortfilm, 2001
  • Uten tittel, kortfilm, 2005
  • Jezidi, kortfilm, 2009
  • Riss, kortfilm[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]