Anjuj i Sakha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Anjuj i Khabarovsk kraj
| Anjuj | ||
| Munning | Kolyma | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 738 km | |
| Middelvassføring | 650 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 107 000 km² | |
Anjuj (russisk Анюй) er ei elv i Tsjukotka og Sakha i Russland og ei av sideelvane til Kolyma frå høgre. Elva er 738 km lang og har eit nedslagsfelt på 107 000 km². Elva har ei middelvassføring på 650 m³/s.
Anjuj munnar ut i deltaområdet til Kolyma, berre om lag 100 km frå munningen til sjølve Kolyma. Anjuj oppstår der elvane Bolsjoj Anjuj og Malyj Anjuj renn saman, like før Anjuj munnar ut i Kolyma. Sjølve Anjuj er derfor i røynda ikkje meir enn om lag 20 km lang.
Anjuj kan vere islagd i opp til ni månader av året. Området er dekka av tundra, myrer og små innsjøar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Anyuy River (Sakha)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2008.