Ankenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjomtinden og Kongsbakktind sett frå Bogen i Evenes.
Ankenes kyrkjeAnkenesstrand

Ankenes er ein tidlegare kommune i Nordland fylke.

Frå 1837 utgjorde Ankenes saman med Evenes (Evindnæs) og Ballangen Ofoten formannskapsdistrikt.

1. januar 1884 vart Ankenes og Evenes eigne kommunar. Ankenes hadde då 1 734 innbyggjarar.[1]

1. januar 1902 vart Narvik utskild frå Ankenes som eigen kommune. Då hadde Ankenes 3 023 innbyggjarar, Narvik 3 705.[1]

1. januar 1974 vart Ankenes og Narvik på nytt slegne saman og fekk namnet Narvik. Ankenes hadde då 7 022 innbyggjarar, Narvik 12 758.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen s. 74-79» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 68°25′16″N 17°22′43″E