Ankerløkken Verft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ankerløkken Verft var eit skipsverft som vart skipa i 1949 i Florø.

Verfet vart skipa av Ole E. Aaserud som ein liten mekanisk verkstad, og i 1971 vart det utvida med eit skipsverft òg i Førde. Til saman hadde dei to skipsverfta på det meste over tusen tilsette og var hjørnesteinsbedrifter for dei to stadane. Verkstaden byrja med å byggje vegskraper og snøplogar, men på grunn av sildeeventyret, vart produksjonen etter kort tid lagt om til skipsbygging og skipsreparasjonar.

Det første skipet som vart bygd ved verftet var fiskebåten MS «Hoddevik» i 1952, og dei neste 20 åra var det fiskefartøy som var spesialiteten. I 1968 vart det bygd ny bedding og i 1971 vart Ankerløkken Verft Førde bygd i Førde. I 1970-åra bygde verftet spesielle tankskip som var så store at dei vart bygd i to delar med framparten i Førde og bakparten i Florø. Utover i 1970-åra fekk verftet økonomiske problem og i 1985 gjekk Ankerløkken-konsernet konkurs.

Verftet fekk fleire eigarar over ein uroleg periode og verftet fekk namnet Florø Industripark, og i 1991 vart det seld til Kværner og i 1999 til Kleven-gruppa i Ulsteinvik. I 2000 hadde dei to verfta 500 tilsette. I juni 2006 tok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke over dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.

Då konsernet STX kjøpte Aker Yards i 2007, vart dette dei nye eigarane av verftet i Florø. I 2013 vart Det norske selskapet Westcon Group eigar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]