Anleggskompressor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atlas Copco kompressor.

Anleggskompressor er ein flyttbar kompressor som fyrst og fremst vert nytta for å generera trykkluft for å driva til dømes boreriggar for fjellsprenging.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det vanleg med stempelkompressorar, men i dag er dei fleste maskinane utstyrte med skruekompressor [1]. Kapasiteten på transportable kompressorar varierer frå 1,5 til 30 m3. Dei største maskinane er ofte monterte på eit toaksla chassi. Trykket er avhengig av bruksområdet og kan vera 0.7, 1,0, 1,4 og 2,0 MPa [1]. Transportable anleggskompressorar er som oftast utstyrte med dieselmotor. Større stasjonære maskinar, nytta til dømes ved tunneldriving, kan ha elektrisk motor når det ikkje er for langt unna elnettet.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Forutan boreriggar vert anleggskompressorar nytta for å levera trykkluft til påledrivarar, betongpumper, betongspreiarar, sandblåsarr, trykkluftvibratorar, etc. Ved tunneldriving vert det ofte nytta store kompressorar plasserte utanfor tunellen og trukklufta vert ført i røyr innover i tunellen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.