Anleggsmiddel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anleggsmiddel er i rekneskapsfaget definert som eigendelar til varig eige eller bruk. Eksempel på anleggsmiddel er bilar, maskiner og bygningar, men òg langsiktige aksjeinvesteringar (anleggsaksjar) og langsiktige fordringar (over eitt år til tilbakebetaling) blir definert som anleggsmiddel.

Anleggsmiddel skal ifølgje norsk rekneskapslov §5-3 "..vurderes til anskaffelseskost« i balansen. I tillegg seier loven at anleggsmidla som har avgrensa økonomisk levetid skal »..avskrives etter en fornuftig avskrivningsplan". Dette betyr at utgifta som påløp ved anskaffinga skal kostnadsførast over anleggsmiddelet si økonomiske levetid i resultatrekneskapen.

Dessutan skal anleggsmiddel nedskrivast «..ved verdifall som forventes ikke å være forbigående».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]