Ann-Louise Skoglund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ann-Louise Skoglund
Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. juni 1962 (61 år)
Karlstad
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Ann-Louise Skoglund (fødd 28. juni 1962) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på sprintdistansane og hekkeøvingane. Ho vann 400 meter hekk ved friidretts-EM 1982 og har framleis, 2015, den svenske rekorden på distansen. Skoglund tevla for IF Göta i Karlstad.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Femten år gammal vann Skoglund den fyrste av i alt 15 nasjonale meistertitlar i friidrett på bane. Ho vann då 100 meter hekk under den svenske meisterskapen 1977. I åra fram til 1986 sikra ho seg fem gullmedaljar på korthekken og like mange på 200 meter, samt to på både 400 m og spesialdistansen 400 m hekk, pluss eitt gull på 100 m. 200-meteren vann ho fem år på rad, 1982-86.

18 år gammal deltok Skoglund i dei olympiske leikane i Moskva i 1980 på 400 meter, der ho rauk ut allereie etter forsøksløpa.

Skoglund overraska stort og vann 400 meter hekk i EM 1982 i Aten med tida 54,57 sekundar. Ho vart så nummer seks på same distansen under friidretts-VM 1983 i Helsinki. Året deretter kom ho på femteplass då dei olympiske sommarleikane 1984 fann stad i Los Angeles, men var einast to hundredels sekund bakom bronsevinnaren.

Skoglund var lenge svensk rekordhaldar på 400 meter med 51,69 sekundar, ei tid oppnådd i Stockholm sommaren 1986. Enno i 2015 har ho den svenske rekorden på 400 meter hekk, tida 54,15 presterte ho ved EM 1986 i Stuttgart, der ho vart nummer fire. Marina Stepanova frå Sovjetunionen vann løpet framom austtyskarane Sabine Busch og Cornelia Feuerbach.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ho er medlem av Sveriges Olympiska Kommitté.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]