Anna Ancher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anna Ancher - "Syende fiskerpige" (1890).

Anna Ancher, Anna Kirstine Brøndum Ancher (18. august 185915. april 1935) var ein dansk kunstmålar, gift med kunstnaren Michael Ancher. Ho vart fødd i Skagen, som den einaste av Skagensmålarane. Ho var søster til Degn Brøndum, som eigde kunstnarane sitt samlingspunkt, Brøndums Hotel.

Ho studerte i København og i Paris med Pierre Puvis de Chavannes som lærar, saman med Marie Triepcke.

Ancher måla ofte kvinner i situasjonar knytt til arbeid. Ho budde mestedelen av livet sitt på Skagen, der ho skildra fattige folk knytt til fiskeri. Måleria hennar er rekna å syna ei god evne til bruk av fargar.

Ho fekk utmerkinga Tagea Brandt Rejselegat i 1924.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anna Ancher
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.