Anna Charlier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anna Charlier og Nils Strindberg. Foto tatt 28. november 1896

Anna Albertina Constantia Charlier (/ʃalje/)[1] (fødd 25. juli 1871 i Åby i Gråmanstorp i Sverige, død 1949) var ei svensk kvinne, i dag huska for å ha vore trulova med Nils Strindberg, medlem i Ingeniør Andrées ballongferd mot Nordpolen i 1897. Strindberg skreiv fleire stenograferte brev til Anna Charlier under det mislukka forsøket på å nå siviliserte strøk.

Før ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Anna Charlier var eit av 11 sysken og vart tidleg foreldrelaus. Ho arbeidde som guvernante og trefte soleis Nils Strindberg, som underviste hos ein av familiane ho arbeidde for. Ho spelte piano, han fiolin. Anna og Nils Strindberg vart trulova 26. oktober 1896, åtte månader før ekspedisjonen drog mot Svalbard.

Etter ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonen gav ikkje lyd frå seg dei neste åra og den offentlege meininga var at han hadde endt i katastrofe. Anna emigrerte til USA i 1910 og gifta seg der med læreren Gilbert Henry Conserray Hawtrey.[1] Dei flytta i 1914 til England. Frøken Ulla Strindberg - niesa til Nils Strindberg - vitja Anna i Torquay i England i 1947. Ho sa fylgjande om vitjinga:

«Annas man Gilbert Hawtrey var en underbar människa som på allt sätt försökte hjälpa sin hustru i hennes sorg. Men allt var förgäves. Anna kunde inte glömma.»[1]

Annas heim var fyld av ungdomsportrett av den forsvunne Strindberg.

I 1930, da restane av ekspedisjonen vart funne, var Anna tilfeldigvis i Sverige. Ute av stand til å vere i landet, sende ho ein krans til bisettinga. Ei stund etterpå fekk ho per post Nils Strindbergs brev frå dødsmarsjen over ishavet. Det var Tore Strindberg - bror åt Nils- som sende dei etter at stenogramma var tolka.

Da ho døydde i 1949, etterlét ho seg detaljerte beskjedar for kva som skulle skje etter at ho var død. Kroppen hennar vart bisett på ein kyrkjegard i Torquay. (Mannen hennar vart seinare også gravlagt der). Hjarta hennar vart teke ut av kroppen, lagt i eit sylvskrin og nedgrave nær urna med Strindberg si oske. Alle instruksjonane til Anna vart fylgt.

Anna Charlier var kusina til datidas berømte astronomiprofessor Carl Charlier.

Anna Charlier i fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Martinsson, Tyrone:Nils Strindberg, En biografi om fotografen på Andrées polarexpedition, Lund 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Podcast fra Sveriges radio med intervju av Tyrone Martinsson om Nils Strindberg og Anna Charlier (047 Vetandets Värld 2006-12-25) [1]