Anna Elisabeth Westerlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Elisabeth Westerlund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1907
Hamarøy
Død

12. september 1995 (87 år)
Oslo

Yrke påstått synsk, sjakkspelar, Skreddar

Anna Elisabeth Westerlund (4. oktober 190712. september 1995) var ei norsk kvinne og forfattar som meinte ho var klarsynt (synsk). Ho var fødd på Hamarøy i Nordland, men ho levde det meste av livet sitt i Oslo.

Westerlund vart kjend for dei synske evnane sine i 1970-åra. Fleire gonger peikte ho ut for politiet stader som likna dei stadane sakna personar seinare vart funne. Slik vart ho etter kvart ein vekebladkjendis. Før ho døydde, testamenterte ho lekamen sin til medisinsk forsking.

Saker Westerlund uttala seg om[endre | endre wikiteksten]

Etter ein massiv leiteaksjon hausten 1982 i Bergen der 130 personar deltok, vart det funne ein kjole som tilhøyrde den sakna May Britt Jensen etter at Westerlund hadde peika ut ein stad der ho «kunne sjå noko som hadde med saka å gjere». Den sakna kvinna vart ikkje funnen.[1]

Mikkel Falck, syskjenbarn av den svenske TV-journalisten Cats Falck som forsvant i 1984, sa at det var Westerlund som peika ut staden der Falck og venninna Lena Gräns vart funne i Hammarbykanalen ved Stockholm. Etterforskningsleiar Eric Skoglund skal i 1997 ha sagt at det vart leita på funnstaden etter tips frå ei synsk kvinne i Noreg.[2]

I mars 1997 vart Allers dømd i ei injuriesak etter ein spådom fra Westerlund der ho hadde føresagt økonomisk kriminalitet og der kjende personar var namngitte. Vekebladet hadde attgjeve fleire saker der dei meinte at spådommen stemde utan å kontrollere om personane verkeleg var skuldige, noko dei ikkje var. Allers vart dømd til å betale 70 000 kr.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Synsk: Av en clairvoyant kvinnes erfaringer (1968) Gyldendal Med forord av Harald Schjelderup
  • Jeg fant liket (1972)
  • Bak fasaden (1972)
  • Den gode Guds øy (1976) erindringer, Aschehoug ISBN 82-03-08525-3
  • Hybel uten nøkkel (1977), erindringer, 2. bind Den gode Guds øy
  • Så lenge det var liv : minner fra krigsårene (1978), erindringer, 3. bind
  • «Å være synsk» (s. 3-14). Tradisjon. Tidsskrift for folkeminnevitskap nr. 12-1982. Universitetsforlaget ISSN 0332-5997
  • Telepatiens gåte (1986)
  • Synsk? (1988)
  • Den allmektige Gud (1988)
  • Det brenner : mysteriet i Olsok-trusten (1991)

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergensavisen: «May Britt savnet i 19 år» Publisert 1. juli 2001, besøkt 3. april 2011
  2. Dagbladet: «- Forgiftet og drept av DDR-regimet» Publisert 27. september 2003, besøkt 3. april 2011
  3. NTNU: Sprøytvarslerens arkiv, April 1997 Arkivert 2012-05-26 ved Archive.is

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]