Anna Kathrine av Brandenburg
| Norsk dronning: | 1597-1612 |
| Dansk dronning: | 1597-1612 |
| Etterfylgde | Sophie av Mecklenburg |
| Etterfylgjar: | Sophie Amalie |
| Fødedato: | 26. juni 1575 |
| Fødedstad: | Wolmirstedt i Sachsen-Anhalt |
| Dødsdato: | 29. mars 1612 (36 år) |
| Dødsstad: | Københavns slott i Danmark |
| Gravlagd: | Roskilde domkyrkje |
| Gift med: | Kristian IV |
| Born: | Frederik Kristian Sofie Elisabeth Fredrik III Ulrik |
Anna Kathrine av Brandenburg (26. juni 1575–29. mars 1612)[1] var dronning av Danmark-Noreg gjennom ekteskap med Kristian IV. Ho var fødd i Wolmirstedt i Sachsen-Anhalt og var dotter av Joakim Frederik av Brandenburg og Katarina av Küstrin.[1]
Anna Kathrine blei gift med Kristian på Haderslevhus 27. november 1597.[1]
Ein kjenner ikkje stort til Anna Kathrine, men ho har neppe gjort forsøk på å påverka politikken. Ho var med ektefellen til Noreg på ei lengre vitjing i 1602 og ho var også med under hyllinga av sonen Kristian i 1610.[2]
Anna Kathrine og Kristian fekk seks born; Frederik – 15. august 1599–9. september 1599, Kristian den udvalgte prins Christian i 1603, Sofie – 4. januar 1605–7. september 1605, Elisabeth – 16. mars 1606–24 oktober 1608, Fredrik i 1609 (seinare Fredrik III) og Ulrik i 1611.
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Anna Kathrine fra Dansk Biografisk Leksikon
- ↑ Langslet side 136
Litteratur [endre]
- Lars Roar Langslet: Christian IV : konge av Danmark og Norge, 1997. som E-bok