Anna Petrovna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storhertuginne Anna Petrovna
Anna petweird.jpeg
Portrett av Ivan Nikitin
Hertuginne av Schleswig-Holstein-Gottorp
Fødd 27. januar 1708
Fødestad Moskva, Det russiske imperiet
Død 4. mars 1728 (20 år)
Dødsstad Kiel, Schleswig-Holstein i Tyskland
Gravlagd Peter- og Pauluskatedralen i St. Petersburg i Russland
Gemal Karl Fredrik av Holstein-Gottorp
Kongehus Huset Holstein-Gottorp Yngre grein av Huset Oldenburg
Huset Romanov
Far Peter I av Russland
Mor Katarina I av Russland
Born Peter III av Russland

Storhertuginne Anna Petrovna av Russland, tsesarevna av Russland (Anna Petrovna Romanova russisk Анна Петровна), (fødd 27. januar 1708 i Moskva, død 4. mars 1728 i Kiel) var den eldste dottera til tsar Peter I av Russland og Katarina I av Russland. Syster hennar, Elisabet av Russland, herska som tsarina mellom 1741 og 1762. Sonen hennar Peter regjerte som tsar i 1762, som arvingen til Elisabeth. Ho var òg inngift hertuginne av Schleswig-Holstein-Gottorp.

Anna vart fødd utanfor ekteskap og vart legitimert då foreldra gifta seg i 1712. At ho var uekte fødd gjorde at fleire ekteskaplege alliansar vart avslått. Ho gifta seg til slutt med Karl Fredrik av Holstein-Gottorp, ein nevø av den barnlause Karl XII av Sverige.

Den 17. mars 1721 kom Karl Fredrik til Russland for å verte kjend med den framtidige kona si og svigerfaren. Han prøvde å nytte ekteskapet for å sikre russisk støtte for planane hans om å ta tilbake Schleswig frå Danmark. Han søkte òg støtte av Russland i kravet sitt om den svenske trona. Med vilkåra i freden i Nystad lovde derimot Russland å ikkje blande seg inn i dei indre stakene i Sverige, så håpet hans var dårleg underbygd.

22. november 1724 vart ekteskapskontrakten signert, og Anna og Karl Fredrik sa frå seg alle rettar og krav til den russiske trona på vegner av dei sjølv og etterkomarane deira. Som følgje av denne klausulen, sikra tsaren seg retten til å namngje sine eigne etterfølgjarar til den russiske trona. Eit par månader seinare, i januar 1725, låg Peter den store på dødsleiet. Han klarte å seie orda: gje alt til..., men klarte ikkje seie meir og bad om å få Anna sendt til seg for å seie hans siste vilje til ho. Då prinsessa kom fram, klarte ikkje tsaren å seie meir. Enkelte har basert på denne historia spekulert i om Peter ønskte at Anna skulle overta trona, men dette har aldri vorte stadfesta.

Hertugen og Anna gifta seg etter Peter døydde, den 21. mai 1725, i Treeiningskyrja i St. Petersburg. Dei fekk eitt born:

I 1739 døydde far til Peter og han vart hertug av Holstein-Gottorp som Karl Peter Ulrich. Han kunne då reknast som arving til begge tronene (Russland og Sverige);

Kjelder[endre | endre wikiteksten]