Anna Politkovskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anna Stepanovna Politkovskaja, russisk: Анна Степановна Политковская (30. august 19587. oktober 2006) var ein russisk journalist og forfattar som var kjend som kritikar av Putinadministrasjonen.

Politkovskaja var fødd i New York i 1958, der dei ukrainske foreldra hennar var diplomatar i SN. Ho studerte journalistikk ved Universitetet i Moskva og tok eksamen i 1980 og så byrja ho å arbeide for avisa Izvestija. Frå juni 1999 skreiv ho ei eiga spalte for nettstaden Novaja Gazeta. Ho skreiv fleire prisa bøker om Tsjetsjenia og Putin sitt styre i Russland, den nyaste er Putins Russland som kom ut i Noreg i 2005.

Politkovskaja vart funnen ihelskoten i Moskva laurdag 7. oktober 2006 i heisen i bustadblokka ho budde i.

[endre] Bakgrunnstoff

Denne artikkelen byggjer på «Anna Politkovskaya» henta frå Wikipedia på engelsk 7. oktober 2006.

[endre] Bøker på norsk

[endre] Andre nettstader

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk