Annan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Annan

skotsk-gælisk Inbhir Anainn
Plassering
Annan is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Dumfries and Galloway
Tradisjonelt grevskap Dumfriesshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 389
Koordinatar 54°59′″N 3°16′″WKoordinatar: 54°59′″N 3°16′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DG12
Telefon-retningsnummer 0 1461
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Annan

Annan er ein by i regionen Dumfries and Galloway i Skottland. Han har kring 8500 innbyggjarar og ligg omkring 24 km frå Dumfries.

Dei fleste husa i sentrum er bygd av raud sandstein. Blant offentlege bygningar finn ein Annan Academy, der forfattaren Thomas Carlyle var elev, og rådhuset i viktoriansk stil frå 1878. I Port Street kan ein sjå bygningar der vindauga er mura igjen for å sleppe å betale vindaugeskatt, ei spesiell form for eigedomsskatt. Byen har eit Historic Resources Centre.

Det finst romerske leivningar i området rundt byen. Seinare bygde slekta de Brusa, som etter kvart vart kjent som slekta Bruce, Annan slott. Andre slektar som er assosiert med byen er Balliol og Douglas. Byen leid under stadige åtak under grensekrigane mellom England og Skottland.

Steinbrua over elva Annan

Elva blir kryssa av ein steinbru med tre bogar frå 1824, og av ein nyare jernbanebru.

Annan er ein maritimt orientert by, med verft som bygde mange klipparar og andre skip. Ved hamna finn ein ein varde som er reist til minne om Robert Burns, som jobba på tollkontoret i 1790-åra.

Edward Irving vart fødd og voks opp i byen, og det står ein statue av han på kyrkjegarden. Ein annan kjent skotsk predikant, Robert Murray M'Cheyne, vart ordinert i Annan.

Utanfor byen ligg Hoddom slott, bygd av John Maxwell, 4. Lord Herries kring 15521565.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]