Anne-Lise Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne-Lise Wold
Fødd1946 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Nesna (1991–1995)
  • ordførar i Nesna (1999–2007) Sjå dette på Wikidata

Anne-Lise Wold (fødd 1946) er ein norsk lokalpolitikar som var ordførar i Nesna kommune i Nordland 2003-2007. Ho representerer Arbeidarpartiet, og har vore ordførar i Nesna i tre periodar: 1991-1995, 1999-2003 og 2003-2007. Etter valet i 2003 vart ho ordførar med støtte frå SV, SP og Høgre i tillegg til sitt eige parti, medan Halvor Hilmersen frå SV vart varaordførar. Wold stilte ikkje til attval i 2007.