Anne Hilarion de Costentin de Tourville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Admiral Anne-Hilarion de Costentin, comte de Tourville, Musée de la Marine.

Anne Hilarion de Costentin, comte de Tourville (fødd 1642 i Paris, død 23. mai 1701) var kommandant i den franske marinen og tente under kong Ludvig XIV. Han vart marskalk av Frankrike i 1693.

17 år gammal som riddar i Maltesarordenen, kjempa han det første sjøslaget sitt på ein fregatt for ordenen. 25 år gammal gjekk han inn i den franske marinen og deltok mellom anna i slaget ved Agosta i 1673 under den fransk-nederlandske krigen.

Han tente under Abraham Duquesne under felttoga i 1676, og vart kommandant i 1690 under niårskrigen. Han sette flagget sitt på «Soleil-Royal», der det vart verande fram til slaget ved La Hougue i 1692. I slaget ved Beachy Head (Victoire de Béveziers) i 1690, slo han ein engelsk-nederlandsk flåte og kapra eller søkkte 15 fiendtlege skip.

Den 29. mai 1692 påførte han den engelske og nederlandske flåten på 97 skip store tap i Barfleur med berre 45 skip, men vart tvungen til å trekkje seg attende. Han leid sjølv store tap etter slaget då brannskip gjekk til åtak på franske linjeskip som låg til kai for reparasjonar i Cherbourg.

Den 27. juni 1693, slo han ein konvoi på 59 engelske skip kommandert av George Rooke ved Kapp St. Vincent nær Lagosbukta i Portugal, under slaget ved Kapp St. Vincent.

Tourville pensjonerte seg etter freden i Ryswick og døydde i Paris den 23. mai 1701, rekna som ein nasjonalhelt.

Fleire franske marinefartøy frå 1700-talet og gjennom 1900-talet er kalla opp etter Tourville.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]