Anne Karin Torheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Karin Torheim
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1953
Bergen
Yrke Forfattar, skodespelar, litteraturkritikar
Periode 1990-
Debut Tida er verken ute eller inne

Anne Karin Torheim (fødd 12. mai 1953 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger.[2]

Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er ho representert i antologiar for både vaksne og born, og i læreverk for både grunnskulen og vidaregåande skule.[3] Torheim har også omsett Alice Sebold-romanane Nesten evig (2008) og Alle min kjære (2004) til nynorsk.[3]

Som skodespelar har ho hatt engasjement ved Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Riksteatret og Rogaland Teater.[2]

Torheim sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening i seks år.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anne Karin Torheim». forfatterkatalogen.no. Henta 29. november 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Anne Karin Torheim». Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Henta 29. november 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Anne Karin Torheim». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 29. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]