Anne Kristin Sydnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne Kristin Sydnes

Anne Kristin Sydnes (fødd 13. mai 1956) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, fødd i Oslo. Ho er cand.polit. med hovudfag i statsvitskap.

Ho var 1985-1995 forskar, og 1995-1997 assisterande direktør ved Fridtjof Nansens institutt. Frå 1997 var ho direktør i Statoil med spesialansvar for menneskerettsspørsmål og landanalysar.

I tida 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i Jens Stoltenberg si første regjering var Anne Kristin Sydnes statsråd i Utanriksdepartementet. Fram til 5. mai 2000 var embetet kalla statsråd med ansvar for bistandssaker (bistandsminister), deretter vart dette endra til statsråd med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister).

Ho har vore utanlandssjef i Kirkens Nødhjelp sidan 2007.

Anne Kristin Sydnes er gift med diplomaten og Arbeidarparti-politikaren Jan Egeland, direktør for Norsk Utenrikspolitisk Institutt. Ho har tidlegare vore gift med næringslivsmannen og høgrepolitikaren Terje Osmundsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]