Anne Lilia Berge Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Lilia Berge Strand

Fødd21. november 1977 (46 år)
FødestadTrondheim
FødenamnAnne Lilia Berge Strand
OpphavNoreg
Aktiv1993–
Sjangerpop, dansemusikk, indierock
Instrumentvokal
PlateselskapIsland Records, 679 Artists
Verka somsongar, DJ, låtskrivar, musikkprodusent, karateutøvar
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Alarmprisen i pop, Alarmprisen for årets nykommer, Spellemannprisen i pop

Anne Lilia Berge Strand (fødd 21. november 1977 i Trondheim), betre kjend som Annie, er ein norsk popmusikar og DJ.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anne Lilia Berge Strand voks opp i Bergen. Ho begynte å få merksemd som artist i 1999. Under artistnamnet Annie gav ho då ut singellåten «The Greatest Hit» i samarbeid med Tore Andreas Kroknes, kjend som DJ Erot. Dei to artistane vart også kjærastar ein periode. Kroknes, som hadde ein medfødd hjartefeil, gjekk bort i 2001, berre 23 år gamal. Annie sin singel «I Will Get On», som også var produsert saman med Kroknes, kom ut i 2002.[2]

Annie heldt fram som artist også etter dødsfallet, og starta nye samarbeid med andre artistar. I 2004 gav ho ut sitt fyrste album, elektropop-plata Anniemal. På plata bidreg m.a. Richard X, Torbjørn Brundtland, Svein Berge og finske Timo Kaukolampi, og Annie vart samanlikna med Bertine Zetlitz. «The Greatest Hit» var òg med på plata.[3] Under utdelinga av Spellemannprisen 2004 vart Annie kåra til Årets nykomar. Året etter vann ho Alarmprisen i klassen for pop.

I 2005 gav ho ut samleplata DJ Kicks med gamle hitlåtar.[4] Etter dette busette ho seg i Tyskland og heldt ein låg profil fram til ho gav ut eit nytt studioalbum, Don't Stop i 2009, framleis i samarbeid med produsentane Richard X og Timo Kaukolampi.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Anniemal (2004)
  • DJ Kicks (samleplate, 2005)
  • Don't Stop (2009)[6]
  • Dark Hearts (2020)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]