Anne Marit Bjørnflaten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Marit Bjørnflaten (fødd 18. juni 1969 i Harstad) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005, og vart då valt til leiar for Stortingets justiskomité. I perioden 2009-13 er Bjørnflaten nestleiar i transport- og kommunikasjonskomitéen, og leiar for den raudgrøne storfraksjonen i denne komitéen.
Bjørnflaten gav i 2004 ut boka Et nytt nei, saman med partifellane Tore O. Sandvik, Jo Stein Moen og Wegard Harsvik. Boka handlar om utviklinga til EU sidan folkeavstemminga i 1994.
Regjering [endre]
- 29. mars 2000 – 19. oktober 2001: Politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet
Stortingskomitéar [endre]
- 2005–2009: Leiar i Justiskomiteen
- 2009–2013: Første nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomitéen