Anne Mountbatten-Windsor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den britiske 1600-talsdronninga, sjå Anne av Storbritannia.
Anne av Storbritannia
Princesa Ana do Reino Unido.jpg
Fullt namn Anne Elizabeth Alice Louise Mountbatten-Windsor
Hus Windsor
Fødd 15. august 1950, Clarence House i England i Storbritannia
Ektefelle Mark Phillips (1973 - 1992)
Timothy Laurence (1992 - )
Far Philip av Edinburgh
Mor Elizabeth II av Storbritannia
Born Peter Phillips
Zara Phillips

Prinsesse Anne av Storbritannia, fødenamn Anne Elizabeth Alice Louise Mountbatten-Windsor (fødd 15. august 1950) er andre barnet og samtidig einaste dotter til Elizabeth II av Storbritannia og Prins Philip, hertug av Edinburgh. Ho er nummer ti i arvefylgja til den britiske trona.

Prinsesse Anne har stor interesse for hesteritt, og deltok under sommar-OL 1976. Det var gjennom hestesporten at ho vart kjend med sin fyrste ektemann, løytnanten Mark Phillips. Dei gifte seg i Westminster Abbey 14. november 1973, og fekk to born saman: Peter Phillips (f. 1977) og Zara Phillips (f. 1981). Anne og Mark Phillips skuldest i april 1992.

I desember 1992 gifte Anne seg opp att med marineoffiseren Timothy Laurence. Dei er framleis gifte, og har ingen born saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Anne, Princess Royal, henta inn 21. desember 2011.